Gå til innhold

26 Men da Elisabet var i sjette måned, ble engelen Gabriel sendt fra Gud til en by i Galilea som het Nasaret,

Bibeldagen 2016

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2016:
Biblar til flyktningar i Ukraina

Filmen kan òg lastast ned i HD-kvalitet

Bibeldagen 2016 blir feira 23. /24. januar 2016


Krigen aust i Ukraina har drive meir enn ein million menneske på flukt. Mange har mista nokon av sine næraste. Midt i denne situasjonen søkjer stadig fleire til kyrkjene, og etterspurnaden etter biblar er stor. Det ukrainske bibelselskapet arbeider for å gje biblar til alle som lid under krigen.

«Desse biblane endra landet vårt» seier kyrkjeleiarar i dag om dei fire millionar blå barnebiblane som Bibelselskapet spreidde i Ukraina i 1990-1993. No kan vi på nytt vera med og gje dei kristne i Ukraina biblar, i ei tid som er like avgjerande for landet som for 25 år sidan.

Borna på biletet er flyktningar frå ein barneheim i Mariupol. For tre månader sidan fekk dei barnebiblar frå Det ukrainske bibelselskapet, og no har dei lese gjennom alle bibelforteljingane. På Bibeldagen 2016 kan vi få vera med og gje fleire flyktningar ei handsrekning i ei vanskeleg tid.

Gåvene som blir samla inn til bibelarbeidet i Ukraina, skal gå til:

  • Biblar til flyktningar frå Aust-Ukraina
  • Bibelutgåver for ungdom
  • Barnebiblar til barneheimar i aust
  • Biblar til born og ungdom med kreft etter Tsjernobyl-ulukka i 1986
  • Nytestamente i stor skrift til aldersheimar

På desse sidene finn du materiell og ressursstoff til Bibeldagen 2016, men sjå også:

Fakta om Ukraina

Ukraina
  • Ukraina har 45 millioner innbyggjarar og eit flateinnhold som er dobbelt så stort som Noreg.
  • Landet blei uavhengig i 1991 etter Sovjetunionens fall.
  • I 2014 inntok russiske soldatar Krimhalvøya. Sidan har det vore krigshandlingar mellom ukrainske styrkar og russiskstøtta separatistar aust i landet.
  • Ukraina har djupe kristne røter, etter at fyrst Vladimir den store (d. 1015) lot seg døype og innførte kristendomen.
  • Over 60 % av folket tilhøyrer ein av dei ortodokse kyrkjene. Det er også mange katolske og protestantiske kristne.

Bibelselskapet samarbeider med alle kyrkjesamfunn.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO