Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

Bøn til bruk på Bibeldagen

Etter ein idé frå Farsund kyrkjelyd


L: Liturg
F1: Forbedar 1, 2, 3, og 4, som vender seg i dei fire himmelretningane under bøna.
   
L: Lat oss be for syskena våre i aust!
F3:



Evige Gud, vi bed deg for syskena våre i Sentral-Asia. Styrk medarbeidarane i Bibelselskapet i Kasakhstan, Usbekistan, Tadsjikistan, Kirgisistan og Aserbajdsjan, så dei kan fullføra den store oppgåva å skaffa biblar til alle som ønskjer seg ein. Vern dei kristne i desse landa og gje dei mot og kraft til å vedkjenna seg namnet ditt midt i forfølging og motstand. Velsign kyrkjene i Sentral-Asia og lat dei vera lys og salt i verda. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i Sentral-Asia.
   
L: Lat oss be for syskena våre i sør!
F2:



Miskunnsame Gud, vi bed deg for syskena våre i Syria. Vi bed om fred for alle i landet. Vi takkar deg for alle som har halde fast på trua på deg midt i krig og gru. Vi bed for dei som er på flukt på grunn av trua på deg, og vi bed for dei som forfølgjer dei. Velsign George Andrea og dei andre i Bibelselskapet i Syria. Hald handa di over bibelbutikkane i Damaskus og Aleppo, og hjelp medarbeidarane der å skaffa biblar til alle som ønskjer seg ein. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i Syria.
   
L: Lat oss be for syskena våre i vest!
F1:



Nådige Gud, vi bed deg for syskena våre på Cuba. Vi takkar deg for den sterke lengsla etter deg og Ordet ditt som du har skapt i folket der. Vi bed om at stadig fleire må få høyra om deg og tru på deg. Vi bed deg velsigne bibelarbeidet i landet, slik at alle som ønskjer det, kan få sin eigen bibel. La alle dei som har fått ein bibel, styrkjast i trua av å lesa i ho, Velsign Alain Montano og dei andre medarbeidarane i Bibelkommisjonen i landet. Gud, lat Ordet ditt ha framgang på Cuba.
   
L: Lat oss be for oss sjølve, her i nord!
F4:



Gode Gud, vi bed deg for oss sjølve, her i Noreg. Vi takkar deg for at vi har Bibelen og fritt kan lesa i han. Vi takkar deg for at Ordet ditt har kome hit til oss. Vi bed om at hjarta våre ikkje må vera hard steingrunn, men opna seg for Ordet ditt. La oss ikkje kvelast av rikdom og uro, men lat oss ta imot ordet Ditt, slik den gode jorda tek imot såkornet. Velsign bibelarbeidet i landa vårt, slik at vi kan lesa Ordet ditt og sleppa deg inn i hjartet. Gud, lat Ordet ditt ha framgang i oss.





Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO