Gå til innhold

15 Johannes vitner om ham og roper ut: «Det var om ham jeg sa: Han som kommer etter meg, er kommet før meg, for han var til før meg.»

Bibeldagen 2017: Biblar til Sentral-Asia

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2017:
Biblar til Sentral-Asia

– Vi kan i alle fall vise dem hendene våre (en husmenighet i et land i Sentral-Asia lytter til Bibelen fra en lydbok).

– Vi kan i alle fall visa dei hendene våre (kristne i ei huskyrkje i eit land i Sentral-Asia lyttar til Bibelen frå ei lydbok).

Bibeldagen 2017 blir feira 11. og 12. februar.

I Sentral-Asia ligg det seks land som før var ein del av Sovjetunionen. Vi har i dag bibelselskapsarbeid i Kasakhstan, Usbekistan, Tadsjikistan, Aserbajdsjan og Kirgisistan.

Det bur 75 millionar menneske i Sentral-Asia. Svært få har ein bibel eller kjennskap til kristen tru, og islam veks sterkt. Fleire stader opplever også kyrkjene stor vekst, men dei møter mange stader sterk motstand.

På Bibeldagen 2017 kan vi støtta dei kristne i Sentral-Asia med biblar og nytestamente som styrkjer dei i trua.

Midla som blir samla inn under Bibeldagen 2017 skal gå til:

  • Biblar, nytestamente og bibeldelar til born og vaksne (på bl.a. usbekisk, kasakhisk, kirgisisk, aseri og tadsjikisk)
  • Omsetjing av Bibelen til kirgisisk
  • Bibeldelar i stor skrift til eldre
  • Å gjera Bibelen tilgjengeleg på Internett

Fakta om Sentral-Asia

Bibeldagen 2017 har fokus på Sentral-Asia.

Mellom Russland i nord og Afghanistan i sør, mellom Tyrkia i vest og Kina i øst, ligg nokre av dei mest spennande landa i verda, både historisk, kulturelt og religiøst. Bibeldagen 2017 set fokus på Sentral-Asia.

  • Sentral-Asia omfattar landa Kasakhstan, Usbekistan, Kirgisistan, Tadsjikistan og Turkmenistan. Aserbajdsjan blir ofte rekna å høyra til Sentral-Asia både kulturelt og politisk.
  • Det bur ikring 75 millionar menneske i Sentral-Asia:
    • Usbekistan: ca. 30 mill. innbyggjarar
    • Kasakhstan: ca. 17 mill. innbyggjarar
    • Aserbajdsjan: ca. 9 mill. innbyggjarar
    • Tadsjikistan: ca. 8 mill. innbyggjarar
    • Kirgisistan: ca. 6 mill. innbyggjarar
    • Turkmenistan: ca. 5 mill. innbyggjarar
  • Det blir drive bibelselskapsarbeid i alle landa i Sentral-Asia, utanom Turkmenistan.
  • Islam er på sterk frammarsj og er den dominerande religionen i alle dei seks landa. Men det er ein veksande minoritet av kristne.
  • Landa i Sentral-Asia er mellom dei fattigaste i verda.

Bibelselskapet samarbeider med alle kyrkjesamfunn.