Gå til innhold

26 Men da Elisabet var i sjette måned, ble engelen Gabriel sendt fra Gud til en by i Galilea som het Nasaret,

Bibeldagen 2018: Nye biblar til Syria og Irak

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2018:
Nye biblar til Syria og Irak

Fra en gudstjeneste i en bombet kirke i Syria.

Frå ei gudsteneste i ei bomba kyrkje i Syria.

Bibeldagen 2018 blir feira 27. og 28. januar.

– Dei fleste biblane vi hadde, er brende og må erstattast, seier erkebiskop Yohanna Petros Mouche. Dei kristne i Syria og Irak samlar seg på nytt til gudsteneste. Men mange kyrkjer er øydelagde og inventaret brent – også biblar og sundagsskulemateriell. Difor vil vi på Bibeldagen 2018 samla inn pengar til nye biblar og bøker, til erstatning for dei som er brende. Dei treng både biblar, nytestamente, barnebiblar og materiell til sundagsskulen.

– Det er mange som spør etter materiell til borna, seier George Andrea, leiar i Bibelselskapet i Syria. Både Syria og Irak har ei lang kristen historie. Kyrkjene her reknar sitt opphav heilt tilbake til det første hundreåret etter Kristus. Men på grunn av borgarkrigen i Syria og den grufulle krigføringa til IS er tusenvis av kyrkjer og kristne heimar øydelagde. Kristne har ikkje berre mista hus og heim, men også biblane sine og andre kristne bøker.

Under heile krigen har Bibelselskapet halde sine bibelutsal opne i både Damaskus, Aleppo og Erbil. Dei tilsette fortel at dei aldri har distribuert fleire biblar enn dei siste åra. Krigen har skapt ein lengt hos mange etter å læra meir om Bibelens bodskap.

– Det har aldri vore meir bruk for Bibelselskapet enn no. Behovet for biblar har aldri vore større, seier Nabil Omiesh, leiar i Bibelselskapet i Irak.

Det bur ca. 17 millionar menneske i Syria og 37 millionar i Irak, men mange er på flukt, anten internt eller i andre land. På få år har Syrias 2 millionar kristne og Iraks 1,2 millionar vorte reduserte til ein tredjedel. Dei som er att, trenger vår støtte for å overleva, slik at ei to tusen år lang kristen historie i Syria og Irak ikkje blir broten.

På Bibeldagen 2018 kan norske kristne få gje ei handsrekning til sysken i Syria og Irak. Takk for at de vil vera med og støtta bibelarbeidet i to av dei eldste kristne kyrkjene i verda.

De innsamla midla under Bibeldagen 2018 skal gå til:

  • Biblar, nytestamente og kristen litteratur i Syria og Irak: Bibelselskapet distribuerer biblar på arabisk, gammalsyrisk (syriak) og arameisk.
  • Opplæring av sundagsskulelærarar (Syria)
  • Bibelomsetjing til minoritetsspråk (Irak)
  • Forsoningsarbeid med bruk av Bibelen

SMS: Send BIBEL SYRIA til 2468 og du gjev kr 200,- (nok til fire biblar)
Vipps: #94418. Meldingsfelt «Syria», namn og adresse
Gje ei gåve online: Kjem seinare

Takk for gåva!

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO