Gå til innhold

31 Dersom jeg vitner om meg selv, er mitt vitneutsagn ikke gyldig.

Bibeldagen 2019: Bibelen på nye språk i Etiopia

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2019:
Bibelen på nye språk i Etiopia

Bibeldagen 2019 blir feira 16. og 17. februar.

Det kjennest så stort å høyra evangeliet på vårt eige språk!

Det kjennest så stort å høyra evangeliet på vårt eige språk! Aleminesh Tagese og dottera Tesfaya (8) i Mekane Yesus-kyrkja i Hossana

I ei tid då folk i Etiopia er fylte med ny tru på framtida, vil vi hjelpa bibelselskapet i landet å spreia Guds Ord til alle menneske. Med meir enn 80 språk er det enno mange som ventar på ein bibel på morsmålet sitt. På Bibeldagen 2019 kan norske kyrkjer og forsamlingar vera med og hjelpa dei.

Meir enn to millionar menneske talar konso-, kambatta- eller hadiyya-språket – dei fleste av desse skjønar ikkje fellesspråket amharisk. Dei er difor avhengige av ei bibelomsetjing for å lesa Guds Ord. Desse tre omsetjingane er snart ferdige, og norske kyrkjer og forsamlingar kan vera med og støtta fullføringa av prosjekta og trykking av dei ferdige biblane.

– Når vi høyrer Guds Ord på vårt eige språk, går det rett til hjartet på oss, seier Bincho Bufebo, mor til bibelomsetjaren Tesfaye Abebe.

Bibeldagen 2019 samlar vi difor inn pengar til:

-          Fullføring av bibelomsetjingane til konso-, kambatta- og hadiyya-språket,

-          Leseopplæringsarbeid for å hjelpa folk å bruka dei nye omsetjingane,

-          Ei amharisk bibelutgåve med kommentarar for nye bibellesarar,

-          Trykking og distribusjon av biblar og nytestamente.

Bibelselskapet bed om at norske kyrkjer og forsamlingar lèt Bibelen til nye språk i Etiopia bli tema for den årlege Bibeldagen, på 17. februar eller ein annan dag, og at takkofferet går til prosjekta i Etiopia.

Les meir under «Bibeldagen 2019» i margen til venstre.


Fakta om Etiopia:

  • Eit av dei eldste landa i verda
  • Har aldri vore kolonisert
  • 102 millionar innbyggjarar
  • Hovudstad: Addis Abeba
  • Offisielt språk: Amharisk
  • Over 80 ulike folkegrupper og språk
  • Heile Bibelen finst i dag på ni språk.
  • Innan tre år vil heile Bibelen finnast på 16 språk.
  • Norsk misjon har arbeidd i Etiopia sidan 1950-tallet
  • Kristne: 61 prosent
  • Muslimar: 34 prosent
  • Tradisjonelle religionar: 4 prosent

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO