Gå til innhold

6 Det undrer meg at dere så raskt vender dere bort fra ham som har kalt dere ved Kristi nåde, og til et annet evangelium,

Forbøn til bruk på Bibeldagen 2020

Etter ein idé frå Farsund kyrkjelyd.

Tekst på bokmål

L: Liturg
F1: Forbedar 1, 2, 3, og 4, som vender seg i dei fire himmelretningane under bøna.
   
L: Lat oss be for syskena våre i aust!
F3:



Evige Gud, vi bed deg for søskena våre i Kina. Vi bed deg for folket i desse dagane då sjukdomsepidemien trugar. Vi ber deg om å spara liv, og styrka arbeidet med å hjelpa. Vi bed deg òg for bibelarbeidet i landet. Lat biblar nå ut til alle regionar og folkegrupper i dette store landet. Vi takkar deg for bibeltrykkeriet i Nanjing og dei som arbeider der. Vi takkar deg òg for dei kinesiske kristne, for tolmodet deira og for kjærleiken deira til ditt ord. Lat dei bli til inspirasjon for oss. Gud, lat ditt ord ha framgang i Kina.
   
L: Lat oss be for syskena våre i sør!
F2:



Barmhjertige Gud, vi bed deg for søskena våre i Syria og Irak. Vi bed om fred og forsoning etter år med krig. Vi takkar deg for alle som har halde fast på trua på deg midt i krig og gru. Vi bed for dei som er på flukt på grunn av trua på deg, og vi bed for dei som forfølgjer dei. Velsign medarbeidarane i Bibelselskapet i Syria og Irak. Hald handa di over bibelbutikkane i Damaskus og Aleppo og Erbil, og hjelp medarbeidarane der å skaffa biblar til alle som ønskjer seg ein. Gud, lat ditt Ord ha framgang i Syria og Irak.
   
L: Lat oss be for syskena våre i vest!
F1:



Nådige Gud, vi bed deg for søskena våre på Cuba. Vi takkar deg for den sterke lengsla etter deg og ditt Ord som du har skapt i folket der. Vi bed om at stadig fleire må få høyra om deg og tru på deg. Vi bed deg velsigna bibelarbeidet i landet, slik at alle som ønskjer det, kan få sin eigen bibel. Lat alle dei som har fått ein bibel, bli styrkte i trua av å lesa i han, Velsign medarbeidarane i Bibelkommisjonen i landet. Gud, lat ditt Ord ha framgang på Cuba.
   
L: Lat oss be for oss sjølve, her i nord!
F4:



Gode Gud, vi bed deg for oss sjølv, her i Noreg. Vi takkar deg for at vi har Bibelen og fritt kan lesa i han. Vi takkar deg for at Ordet ditt har kome hit til oss òg. Vi bed om at hjarta våre ikkje må vera hard steingrunn, men opna seg for ditt Ord. Lat oss ikkje bli kvelte av rikdom og uro, men lat oss ta imot ditt Ord, slik den gode jorda tek imot såkornet. Velsign bibelarbeidet i landet vårt, slik at vi kan lesa ditt Ord og sleppa deg inn i hjartet. Gud, lat ditt Ord ha framgang i oss.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO