Gå til innhold

1 Min sønn, ta vare på mine ord,
gjem budene mine hos deg!

Preikeførebuing til Bibeldagen

Såmannssøndag (Jes 55,8-13; Hebr 4,12-13; Luk 8,4-15)

Av generalsekretær Paul Erik Wirgenes

Såmannssøndagen er ein fast søndag i openberringstida. Han kjem fast to søndagar før fastelavnssøndagen. Bibelselskapet har i lang tid oppmoda kyrkjelydar til å feire denne dagen som Bibeldagen. Mange kyrkjelydar har no lang tradisjon for å gjere nett dette, og kombinerer det med eit offer til bibelmisjonen i Bibelselskapet. Dagen gir høve til både å fokusere på bibelbruk i Noreg og i den enkelte kyrkjelyden, samstundes som vi blir knytte til det internasjonale bibelarbeidet. Vi har dette året eit særleg fokus på bibelarbeidet i Kina.

Alle tekstane denne søndagen handlar om Guds ord. Både evangelieteksten og GT-teksten nyttar bilete frå naturen om Guds ord. Felles for tekstane er ei sterk framheving av Ordets kraft og verknad.

Jesus nytta ofte likningar når han tala til store folkemengder. Mange av Jesu likningar hentar forteljingsbilete frå jordbruk, og evangelia har fleire likningar om såkorn. Dagens tekst om såkornet er samansett av to delar. Sjølve likninga blei tala til folket, medan forklåringa blei gitt til læresveinane i etterkant.

Såmannen i Jesu likning er uvanleg raus. Han strør såkornet ut så dei dyrebare korna fell i all slags jord. Såkornet er Guds ord. Jesus samanliknar ulike jordsmonn med ulike måtar menneske kan ta i mot ordet på. Det som skjer med såkornet i likninga, er eit bilete på det som skjer når menneske høyrer Guds ord. Likninga kan bli lesen som ei oppmoding til å høyre Guds ord og gjere etter det, på same måten som likninga om å byggje huset sitt på fjell, Matt 7,24-27.

Likninga kan òg lesast som ei oppmoding til læresveinane om å halde fram med å spreie Guds ord. «Noko» vil falle i god jord, og det vil bere hundre gonger det som blei sådd.

Ei likning har ofte ein eller fleire overraskande eller sjokkerande verkemiddel for å framheve hovudtemaet i likninga. Denne likninga har to slike sentra i fokus: Den eine handlar om kor raust såmannen spreier kornet både blant tornekratt og steinete vegar. Såkorn er ein dyrebar ressurs. Det har vore spart og passa på som ein garanti for endå ein vekstsesong. Såkorn er det siste ein sløsar med. Det andre overraskande elementet i denne likninga er den utrulege veksten i det som har falle i god jord. Heile hundre gongar vekst i høve til det eine såkornet, overgår ein kvar erfaring ein jordbrukar har gjort i innhaustinga.

Til dei enkelte delane
Det som fall ved vegen: Det blei sådd, men Guds motstandar røva straks ordet før det fekk slå rot. Evangelietekstane gir mange døme på korleis motstandaren bortforklårar og trugar evangeliet om Jesus.

Det som fall på steingrunn: Steingrunnen tillét kornet å spire, men berre ei kort stund før det visnar. Menneske blomar opp i iver og glede over ordet ein kort augneblink, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. Orda kan bli lesne som ei åtvaring til Jesu læresveinar. Motstand vil kome. Trua vil bli prøvd.

Det som fall mellom tornebuskar: Tornebuskar kvelar såkorn. Tida går. Uro og rikdom veks som tornar og kvelar den spirande trua. Evangelia har ei rekkje forteljingar som viser oss at det å vere opptekne av materielle tilhøve har i seg eit trugsmål mot vekst og mogning i trua.

Det som har falle i god jord: Den gode jorda ber frukt. Det er dei som høyrer Jesu ord og følgjer det. Ein haust på 100 foll er uverkeleg mykje og understrekar det underlege ved dette såkornet.

Hovudpoenget i denne likninga kan bli forstått som ein tredelt bodskap:

  • Guds ord er sådd raust ut i verda.
  • Guds ord har ei spirekraft som overgår alt.
  • Guds ord er truga i vårt liv.

Meditasjon
«… så skal ein lese høgt i kyrkja.
Det skal vere levande ljos og
slik at vi berre blir i forteljinga.
Så kan vi sove på golvet
og orda kan berre vere der
som ein jamn straum
og vi veit ikkje om vi søv eller er vakne.
Orda berre er der.
Om Gud og om livet og slikt.
Det er fint …»

(frå loggboka til ein konfirmant om bokvake i kyrkja)


Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO