Gå til innhold

12 For så sier Herren:
Se, nå leder jeg fred til henne som en elv,
folkeslags rikdom som en flommende bekk.
Dere skal suge,
bæres på armen
og vugges på fanget.

Bibeldagen 2020

Her finn du informasjon om Bibeldagen 2020:
Biblar til Kina


Bibeldagen 2020 blir feira 8. og 9. februar, men arbeidet gjeld heile 2020 - og gåver blir registrerte heile året.

Søndag 9. februar er det Såmannssøndag og Bibeldag. I kyrkja er det lang tradisjon for å bruke denne dagen til å minne om kva Bibelen har hatt å seie for oss som kyrkje, land og folk.

Bibelselskapet vil alltid være en garantist for at biblene som distribueres via oss holder kvalitetsmål. (Foto: Dag K. Smemo)
På Bibeldagen 2020 står Kina i fokus.

På Bibeldagen 2020 står Kina i fokus, og vi oppmodar alle kyrkjelydar til å bruke denne dagen, eller ein annan søndag i året, til å rette merksemda mot det mest folkerike landet i verda. I mange år har kyrkja i Kina hatt sterk vekst, og framleis kjem mange nye menneske til tru. Ingen veit sikkert kor mange kristne det er i Kina, men ein reknar med at det er mellom 90 og 130 millionar, men nokre meinar at det kan liggje høgare enn det. I alle tilfelle bur fleirtalet, om lag 70 % av dei kristne på landsbygda, som også er den fattigaste delen av Kina. Behovet for billege og gratis biblar er difor særs stort. Bibeltrykkeriet i Nanjing i Kina planlegg å trykke 3-4 millionar biblar for Kina i 2020.

Pengane som kjem inn vil primært gå til bibelpapir for trykking av biblar. Papiret til ein bibel kostar berre 10 kroner. I tillegg støttar vi óg følgjande prosjekt:

  • Hefte med bibeltekstar til utdeling i kyrkjene
  • Omsetjing til minoritetsspråk
  • Materiell til leiarutdanning
  • Lette motorsyklar til bruk for kyrkjelydsarbeidarar i område som er vanskeleg tilgjengelege, slik at biblane kan nå ut til alle

Takk for trufast støtte til bibelarbeidet!

Med venleg helsing

BGO - signatur
Bernt G. Olsen
Bibelmisjonsleiar

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO