Gå til innhold

8 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn!

Bibeldagen med fokus på bibelarbeidet internasjonalt

Det er millionar av menneske som ønskjer seg ein bibel, men ikkje kan få tak i ein. Grunnen kan vera at det ikkje finst biblar på språket deira, at det ikkje blir selt biblar i landet deira eller at dei ikkje har råd til å kjøpa ein. Målet til Bibelselskapet er at alle menneske skal få tilgang til sin eigen bibel, på eit språk dei skjønar, til ein pris dei kan betala og i ei form som dei kan bruka.

På grunn av dei mange gåvene gjennom heile året og takkofra på Bibeldagen er Det Norske Bibelselskap mellom dei bibelselskapa som gjev mest til trykking og spreiing av biblar i andre land. Bibelselskapet støttar kvart år prosjekt i omkring 40 land. Prosjekta omfattar alt frå omsetjingsarbeid og leseopplæring til drift av bibelbutikkar og subsidiering av biblar til fattige.

Sjølv ei lita gåve frå ein norsk gjevar rekk langt når ho blir brukt i eit anna land. 100 norske kroner dekkjer papiret til ti kinesiske biblar, eller sørgjer for trykking og frakt av tre illustrerte barnebiblar til Cuba. Sjølv om forsamlinga ikkje har ressursar til å gjera så mykje ut av Bibeldagen, kan eit enkelt takkoffer til bibelarbeidet ha mykje å seia for nokre menneske som for første gong kan få sin eigen bibel.

Kven gjer kva?

Kvart år blir det lagt ut informasjon om årets bibeldagsprosjekt på desse sidene. Her finn forsamlinga ressursar til både gudstenester og andre samlingar.

Bibelkontakten i forsamlinga minner staben på å setja inn Bibeldagen i årsplanen og kan syna dei ressursane frå Bibelselskapet på bibeldagen.no.

  • Forsamlinga finn artiklar og bilete til bruk i kyrkjebladet i god tid før Bibeldagen, eller som kan sendast til lokalavisene like før dagen.
  • Den som skal forkynna, finn framlegg og gode moment til preika ut frå teksta for Såmannssundag.
  • Ved å spørja i god tid kan forsamlinga få ein talar frå Bibelselskapet til å koma.
  • Den lokale bibelkontakten kan fortelja om årets bibeldagsprosjekt under kunngjeringane, eller under kyrkjekaffien etterpå.
  • Den som skal leia gudstenesta, finn framlegg til forbøn og kunngjeringar om dagens takkoffer.
  • Den musikalske leiaren i forsamlinga vil ofte finna ein song frå årets prosjektland, eller ein annan song som høver til bruk på Bibeldagen.
  • Den som skal leia kunngjeringane, kan lasta ned ein presentasjon av årets prosjektland.
  • Under kunngjeringane kan ein òg bruka ein stutt film med presentasjon av årets prosjektland. Denne bør ein lasta ned på førehand, slik at eit treigt internett ikkje hindrar avspelinga på storskjerm.
  • På nettsida finn ein òg ressursar til markering av Bibeldagen for born.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO