Gå til innhold

8 En dag gjorde Sakarja tjeneste som prest for Gud, for turen var kommet til hans vaktskift.

Ramez Atallah er generalsekretær i Det egyptiske bibelselskapet.

Foto: Ramez Atallah er generalsekretær i Det egyptiske bibelselskapet.

– Folk vil ha Bibelen

26. september 2014.

Ramez Atallah (67) er generalsekretær i Det egyptiske bibelselskapet. Han fortel ivrig om arbeidet som Bibelselskapet driv, og om visjonane for arbeidet:

– Før dreiv Bibelselskapet berre med trykking og import av svarte biblar med gullskrift. Men vi hadde ein visjon om at Bibelselskapet kunne gjera meir enn dette.

– Vi fekk sett opp store plakatar langsmed vegen inn til Kairo, og annonsar for Jesusfilmen på forsida av store aviser. Vi profilerer Bibelselskapet som eit vanleg firma, ikkje som ein religiøs organisasjon. For vi sel eit svært viktig produkt, som er Bibelen.

– Vi såg at ei kjede med pizzabutikkar hadde eit felles, femsifra telefonnummer over heile landet. Det same skaffa vi oss. No kan du ringje 19250, same kvar du er i landet, og du kjem til den næraste av dei 16 bibelbutikkane våre. På internett kan du skrive inn www.19250.com, og du kjem til nettsida vår.

– Vi byrja også å vera med på bokmesser. Vi vart med på den store bokmessa i Kairo og opplevde at salet gjekk til himmels. På to veker selde vi 7.000 nytestamente. Vi brukar resten av året til å takke Gud for det som skjer på bokmessa!

– Framgangen til Bibelselskapet i Egypt kjem av at Den koptisk-ortodokse kyrkja er veldig glad i Bibelen. Dei set Bibelen høgt og vil gjerne at alle skal lesa i Bibelen.

«Utan Bibelselskapet ville vi ha mista alle borna» seier prestane i den koptiske kyrkja. I dag har dei hundretusenvis av born i sundagsskulane sine. Den største koptiske sundagsskulen har over 10.000 born.

– I 2012 samla vi inn 7 millionar kroner frå egyptiske gjevarar. Pengane må samlast inn i kontantar, heime hos gjevarane. Vi har team av arbeidarar som reiser rundt i heimane. Innsamlingsarbeidet gjev oss truverd. Det er lettare å be om støtte utanfrå når vi kan vise at egyptarane også samlar inn gåver til bibelarbeidet.

– Samarbeidet med den koptisk-ortodokse kyrkja gjev oss legitimitet. Vi har jamleg møte med dei 100 biskopane i kyrkja, og mange av dei brenn for bibelarbeidet. Biskopane kommuniserer dette vidare til prestane i sitt bispedøme. Mange stader er det biskopen som deler ut barnebiblar til borna i kyrkja si

– Frå midten av 1900-talet har det gått ei bibelvekking over den koptisk-ortodokse kyrkja. Dei såg at alle borna gjekk til dei protestantiske sundagsskulane. Difor starta dei sine eigne sundagsskular. Vanlege lekfolk måtte studere Bibelen kvar veke for å undervise på sundagsskulen - og dei vart sjølve forandra gjennom bibellesinga. Dette er ei stor rørsle som har gått over heile landet.

– Alle desse unge menneska som starta som sundagsskulelærarar, vart 30-40 år seinare leiarar i den koptisk-ortodokse kyrkja. Gjennom sundagsskulen vart dei glade i Bibelen - seinare tok dei bibelgleda med seg inn i leiarstillingane.

– I kvar koptisk kyrkje er det kvar veke bibelstudium med presten. Pave Shenouda hadde bibelundervising i St. Markus-katedralen i Alexandria kvar onsdag i alle år, der 7.000 menneske kom for å høyre. I dag held pave Tawadros fram den same tradisjonen.

– Vår framgang kjem av at folk i Egypt vil ha Bibelen, avsluttar Ramez Atallah.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO