Gå til innhold

26 Men da Elisabet var i sjette måned, ble engelen Gabriel sendt fra Gud til en by i Galilea som het Nasaret,

BM: Miriam er 24 år gammel og har tre jenter. Både hun og mannen hennes kommer fra en landsby i nærheten av Minia i øvre Egypt.<br /> NN: Miriam er 24 år gammal og har tre jenter. Både ho og mannen hennar kjem frå ein landsby i nærleiken av Minia i øvre Egypt.

Foto: BM: Miriam er 24 år gammel og har tre jenter. Både hun og mannen hennes kommer fra en landsby i nærheten av Minia i øvre Egypt.
NN: Miriam er 24 år gammal og har tre jenter. Både ho og mannen hennar kjem frå ein landsby i nærleiken av Minia i øvre Egypt.

– Eg opna Bibelen og gret fordi eg ikkje kunne lesa

15. oktober 2014.

Ho gret fordi ho ikkje kunne lesa i Bibelen. No har ho lært å lesa gjennom eit leseopplæringskurs i Bibelselskapet. Endeleg kan ho lesa i Bibelen sin.

Miriam er 24 år gammal og har tre jenter. Både ho og mannen hennar kjem frå ein landsby i nærleiken av Minia i øvre Egypt. Ho voks opp i ein koptisk-ortodoks familie. Verken ho eller mannen har nokon gong gått på skulen. Dei tilhøyrer dei mange i Egypt som ikkje har lært å lesa og skrive. No går ho på eit av leseopplæringskursa til Bibelselskapet, i den lokale koptisk-ortodokse kyrkja.

Miriam vart gift då ho var 15 år. Dei to største jentene er 4 og 8 år, medan den minste er 7 månader og kviler på armen hennar. I fem år reiste mannen hennar den lange vegen til Kairo kvar veke, til arbeidet som sjåfør i eit byggjefirma. Men for eit og eit halvt år sidan flytte dei til storbyen. Det var vanskeleg å koma til byen der ho ikkje kjende nokon, og der ho ikkje hadde familien rundt seg.

– Før gjekk eg til mor og far og svigermor når noko var vanskeleg, men no har eg ingen å rådføre meg med når mannen min er på arbeid, seier Miriam.

– Kva betyr det for deg å lære å lesa?

– Det er veldig viktig. Før opna eg Bibelen og gret fordi eg ikkje kunne lesa kva som stod der.

No som familien bur i byen, må Miriam ut og handle. Også det er lettare no.

– Før visste eg ikkje kva nokon ting kosta. Eg kunne ikkje lesa prislappen eller etiketten. Men no kan eg det.

Ho fortel også kor vanskeleg det var å følgje opp den eldste jenta på skulen.

– Ein gong kom den eldste dottera mi heim med dårleg karakter på ei prøve. No kunne eg lesa gjennom prøva, og eg såg at læraren hadde retta feil. No kunne eg gå til læraren og stå opp for dotter mi. Og læraren retta opp karakteren hennar. No veit læraren at mor til denne jenta kan lesa og følgjer med på skulearbeidet, seier ho stolt.

Det var også vanskeleg å følgje med på kva vaksiner jentene hennar hadde fått.

– Det var nære på at den eine jenta mi fekk dobbel vaksine, fordi eg ikkje kunne lesa kva som stod på vaksinekortet hennar. Men no kan eg lesa etiketten på medisinen til barnet mitt.

Å lære å lesa handlar difor ikkje berre om lesing og skriving, men om å kjenne at ein sjølv har verdi.

– I studieboka «Les din bibel» var den fyrste leksjonen teksta om då Jesus vart freista (Matt 4,1-11). Då svigermor mi kom på besøk frå landsbyen vår, kunne eg lesa denne teksta for henne. Det var godt å kunne vise svigermor at eg no kan lesa.

– Før kjende eg meg mindreverdig fordi eg ikkje kunne lesa og skrive. Men dersom nokon no bed meg om å ta telefonen og notere ein beskjed, så kan eg det, seier ho stolt.

Kvar måndag og torsdag går ho på leseopplæringa i kyrkja. Alle på kurset blir gode vener, og alle er med på å passe borna.

– Dette er babyen til heile klassa, smiler Miriam og ser på den vesle jenta si.

– Eg har fått tolv nye vener i klassa mi, og eg likar lærarane òg.

– Vi er som ein stor familie, smiler læraren hennar.

Vi spør Miriam korleis ho fann fram til dette leseopplæringskurset.

– Eg spurde vertinna vi leiger hus av, og ho viste meg til denne kyrkja. Eg gjekk sjølv hit og spurde om dei hadde noko for analfabetar. Her kan eg gå på leseopplæringskurs, og dotter mi går på sundagsskulen.

– Eg er svært glad for å ha fått sjansen til å lære å lesa gjennom dette programmet. Eg takkar Gud for at eg no kan lesa Bibelen. Det er fint at nokon utanfrå kjem hit og ser dette arbeidet, seier ho.

Leseopplæring med Bibelen

Det Norske Bibelselskap støttar leseopplæringskurs for vaksne som den koptiske kyrkja driv i samarbeid med Bibelselskapet i Egypt. Lærebøkene heiter «Les din bibel», og tekstene er henta frå Bibelen. Færre enn 70 prosent av vaksne egyptarar kan lesa og skrive.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO