Gå til innhold

8 En dag gjorde Sakarja tjeneste som prest for Gud, for turen var kommet til hans vaktskift.

BM: Pave Tawadros II holdt koptisk gudstjeneste i Trefoldighetskirken i Oslo under sitt besøk i Norge 19. juni 2014.<br />NN: Pave Tawadros II heldt koptisk gudsteneste i Trefoldighetskirken i Oslo under besøket sitt i Noreg 19. juni 2014.

Foto: BM: Pave Tawadros II holdt koptisk gudstjeneste i Trefoldighetskirken i Oslo under sitt besøk i Norge 19. juni 2014.
NN: Pave Tawadros II heldt koptisk gudsteneste i Trefoldighetskirken i Oslo under besøket sitt i Noreg 19. juni 2014.

– Lat Bibelen liggje open

11. desember 2014. Hans Johan Sagrusten (tekst og foto)

Pave Tawadros II er leiar for 12 millionar koptiske kristne. Han er oppteken av at alle familiar skal lesa i Bibelen kvar dag. Rådet hans er enkelt: «Du skal aldri lata att Bibelen, men la Bibelen liggje open!»

Det går ei bibelvekking over den eldgamle koptiske kyrkja. Kvar veke held alle koptiske prestar og biskopar ein bibeltime for kyrkjelyden sin. Pave Shenouda III, som var pave frå 1971 til 2012, starta denne tradisjonen, og pave Tawadros II held han ved like. Kvar veke blir bibeltimen til paven lagd ut på internett. Under besøket sitt i Oslo i juni sa paven:

– Bibelen har kraft til å endra både einskildmenneske og heile samfunnet. Difor oppmodar vi alle familiar til å lesa i Bibelen - kvar dag! Vi seier: Du skal aldri lata att Bibelen. Lat Bibelen liggje open! For då vil Bibelen kalle deg til å lesa vidare.

Paven understrekar at Bibelselskapet i Egypt gjer eit svært godt arbeid.

– Bibelselskapet kjem stadig med nye produkt. No har vi Bibelen i ulike former, storleikar og fargar, og i både trykte og digitale format. Ramez Atallah og dei andre i Bibelselskapet i Egypt arbeider svært hardt! Eg kjenner dei og har møtt dei fleste av dei.

– No er det bibelstudiegrupper i alle kyrkjer i Egypt, for både barn og ungdom, par og familiar. Vi samarbeider nært med Bibelselskapet om nye prosjekt for å nå ut til folk i Egypt med Bibelen.

– Eg vil gjerne seia til det norske folket: Eg er svært glad for at Bibelselskapet i Noreg og det norske folket støtter arbeidet til Bibelselskapet i Egypt. Vi treng verkeleg materiellet som dei lagar. Vi set stor pris på støtta til arbeidet som Bibelselskapet i Egypt driv. Mange takk!

Om pave Tawadros II:
Pave Tawadros II
Pave Tawadros II

Bibeltimar på internett

På nettstaden YouTube.com blir det kvar veke lagd ut ein ny bibeltime av pave Tawadros II. Kvar onsdag held han enkel bibelundervising i katedralen i Kairo, for tusenvis av frammøtte. Mange fleire lyttar til bibeltimen på internett. Også lesarane av Bibelgaven kan finne desse bibeltimane ved å søkje etter orda «Tawadros sermon» på YouTube.com.
Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO