Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

BM: For litt over 300 kroner kan en klasse med 40 elever få Lukasevangeliet og oppgaveheftet som hører til. <br /> NN: For litt over 300 kroner kan ei klasse med 40 elevar få både Lukasevangeliet og oppgåveheftet som høyrer til.

Foto: BM: For litt over 300 kroner kan en klasse med 40 elever få Lukasevangeliet og oppgaveheftet som hører til.
NN: For litt over 300 kroner kan ei klasse med 40 elevar få både Lukasevangeliet og oppgåveheftet som høyrer til.

Lukasevangeliet til 100 000 skuleborn

09. desember 2014. Hans J. Sagrusten | Foto: Tor Tjeransen

I 2015 vil Bibelselskapet i Egypt dele ut Lukasevangeliet til 100 000 skuleborn. Gåver frå norske gjevarar kan vere med og gjere det mogleg. Ver med på bibelutdeling i øvre Egypt.

Bibelbilen stansar utanfor den store skulebygningen. Bakdørene blir opna, og medarbeidarane frå Bibelselskapet løftar ut kartongar med bøker. Dei to koptiske skuleprestane står smilande og følgjer med. Det er tid for den årlege utdelinga av Lukasevangeliet til sjuande klasse.

Vi er i Der El-Barsha, ein kristen landsby sør for Minia i øvre Egypt. Skulen har over 1200 elevar, for det meste frå kristne familiar. Skulen har to prestar, fader Antonius og fader Daoud. I dag går dei omkring frå klasserom til klasserom og deler ut Lukasevangeliet frå Bibelselskapet.

I boka står heile bibelteksta på arabisk med fargerike illustrasjonar til. Saman med det illustrerte evangeliet deler dei òg ut eit hefte med oppgåver. Desse bøkene skal brukast i undervisinga på skulen. Når elevane les Lukasevangeliet og gjer oppgåver til kvart kapittel, lærer dei heile historia om Jesus, frå han vart fødd til han for opp til himmelen.

I 2015 er målet å dele ut 100 000 slike bøker, med støtte frå norske gjevarar. For litt over 300 kroner kan ei klasse med 40 elevar få både Lukasevangeliet og oppgåveheftet.

Vi får vera med frå klasserom til klasserom. I alle romma sit jenter og gutar på kvar si side, med skuleuniformer i blått og brunt. Fader Antonius opnar den fargerike boka og fortel. Ho inneheld heile Lukasevangeliet med illustrasjonar, og no blar han opp i kapittel 2 og fortel om då Jesus var tolv år.

– Kven var i tempelet då han var på alder med dykk?

– Jesus, svarar elevane i kor.

– Då må de òg følgje eksempelet hans, slik vi lærer det i Bibelen, seier presten med eit smil.

Kvar morgon held rektor andakt for elevane, med fem faste punkt: Ein bibelsk salme, ein kristen song, ei bøn, eit sitat frå ein koptisk kyrkjefader og ei bibeltekst. Av dei 78 lærarane er 16 muslimar. Sidan tekstar frå Koranen er ein del av arabiskfaget, seier lova at lærarane i arabisk må vera muslimar. Men elles har skulen fridom til å tilsetja dei lærarane dei vil.

I underetasjen ligg førskulen. Borna her er i alderen 3-7 år og har ikkje fått uniformer enno. Dei lærer setningar på det gamle koptiske språket, som dei kristne i Egypt har brukt heilt sidan aposteltida. Det blir skrive med greske bokstavar. Dei små borna lærer ei regle for kvar bokstav i det greske alfabetet, og dei ropar ut dagens regle av full hals.

Det er ni kyrkjer i landsbyen. Kvar onsdag, fredag og sundag er det gudsteneste, og kvar kveld er det ungdomsmøte. I juli månad arrangerer kyrkja ein kristen festival i to veker, og eit team frå Bibelselskapet er med. Dei held utandørs barnemøte kvar dag, og det kjem tusenvis av menneske til desse møta.

Dei koptiske prestane fortel at dei brukar materiell frå Bibelselskapet i både undervising, forkynning og bibelstudiar. Kyrkja støttar Bibelselskapet med kollekten frå ein årleg bibeldag. Dei er glade for det gode samarbeidet med Bibelselskapet.

– Vi er svært godt nøgde med arbeidet som Bibelselskapet driv.

Om prosjektet:

Det Norske Bibelselskap støttar trykking og utdeling av Lukasevangeliet til sjuandeklassingar i kristne landsbyar. Kvar bok kostar 8 kroner å produsere. Det vart delt ut 67 000 evangelium i 2013 og 85 000 i 2014. Bibelselskapet i Egypt ønskjer å dele ut 100 000 slike evangelium med illustrasjonar og arbeidshefte i 2015. På Bibeldagen 2015 kan norske gjevarar vera med og støtte dette arbeidet.
Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-format)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO