Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

BM: Emad Seliem (57) er leder for leseopplæringen som Bibelselskapet i Egypt driver.<br />NN: Emad Seliem (57) er leiar for leseopplæringa som Bibelselskapet i Egypt driv.

Foto: BM: Emad Seliem (57) er leder for leseopplæringen som Bibelselskapet i Egypt driver.
NN: Emad Seliem (57) er leiar for leseopplæringa som Bibelselskapet i Egypt driv.

– No kan eg lesa i Bibelen min

15. oktober 2014.

I Egypt er over 30 prosent av folket analfabetar. I eit land der folketalet aukar med to millionar i året, er dette ei stor utfordring. Det er flest kvinner som ikkje lærer å lesa. Bibelselskapet samlar mange av desse til leseopplæring med Bibelen.

Kursa er berekna for kristne, og målet er at dei skal lære å lesa i Bibelen. Materiellet er utarbeidd av Bibelselskapet, og tekstene i lesebøkene er frå Bibelen. Alle som fullfører kursa, får eit nytestamente frå Bibelselskapet i gåve.

Emad Seliem (57) er leiar for leseopplæringa som Bibelselskapet i Egypt driv. Han tek oss med til to ulike klassar med vaksne kvinner som lærer å lesa. Begge blir haldne i lokale koptisk-ortodokse kyrkjer. I den første kjem den lokale presten, fader Daoud, vandrande og helsar venleg på elevane. På tradisjonelt vis bøyer dei seg og kysser krossen han alltid ber med seg i handa.

Vi kjem inn i eit lite klasserom med vifte i taket. På veggene heng det eit bilete av Maria med Jesusbarnet. I rommet sit det kvinner i alle aldrar, og ein einsleg mann. Fire-fem born går frå fang til fang. Det er smil og glede; det er tydeleg at desse menneska kjenner kvarandre og er trygge på kvarandre. Ein baby byrjar å skrike, og storesystera tek henne med ut på gangen medan mor les høgt. Etterpå går mora ut på gangen for å amme.

Kvinnene les tekster etter tur. Det er tydelegvis bibeltekster; vi høyrer namnet «Jesoua» fleire gonger. Ei middelaldrande kvinne med svart skaut bøyer seg konsentert over teksta, følgjer den bølgjande arabiske skrifta med fingeren og les høgt. Det er gripande å høyre ei godt vaksen kvinne lære å lesa. Ho les eit ord om gongen, slik born gjer når dei lærer å lesa.

Emad Seliem står midt i rommet, smiler og gestikulerer, medan han spør kva dei ulike orda tyder. Elevane er ivrige og svarar i munnen på kvarandre. Her er det ingen forskjell på ung og gamal, kvinne og mann - alle er vener og trygge på kvarandre. Ute sprakar det i høgtalaren frå den næraste moskeen.

«Les og leik» heiter dagens leksjon i heftet frå Bibelselskapet. Dei øver på dei arabiske tala, samtidig som dei knyter tala til bokstavane i alfabetet. Oppgåva går ut på å finne ord som har talverdien 36 når ein legg saman tala for alle bokstavane i ordet. Slik øver dei seg i matematikk samtidig.

– For meg er det viktigaste at eg no kan lesa i Bibelen min, seier ei middelaldrande kvinne med svart sjal på hovudet.

– Her har eg lært at Bibelen er eit skjold som verner oss mot alle vonde piler. Samtidig blir vi i stand til å svara, for eksempel på spørsmål omkring politiske val i landet vårt.

Den einaste mannen i gruppa fortel at han byrja på kurset fordi han så gjerne ville lesa grunnlova.

– For fyrste gong har eg vore i stand til å lesa grunnlova vår. No har eg lese heile lova, seier han stolt, og alle i gruppa ler.

– Eg kan meir om landet vårt no, fordi eg har lært å lesa, seier han.

Dei to lærarane fortel at dei underviser åtte timar kvar dag, fem dagar i veka. Mange vaksne går på statlege leseopplæringskurs, men fell attende til analfabetisme etterpå, fortel dei. Difor kallar Bibelselskapet kursa sine for «Etterkurs i leseopplæring». Kursa for vaksne starta i 1999, men frå 2004 har dei òg hatt kurs for born og ungdom, fordi mange fell ut av skulen på grunn av den harde fysiske avstraffinga mange stader. Målet er å få dei til å halde fram på skulen.

Leseopplæring med Bibelen

Det Norske Bibelselskap støttar leseopplæringskurs for vaksne som Bibelselskapet i Egypt driv i samarbeid med den koptiske kyrkja. Lærebøkene heiter «Les din bibel», og alle tekstene er henta frå Bibelen. Kvart år går 20 000 menneske gjennom eit av leseopplæringskursa til Bibelselskapet.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO