Gå til innhold

8 En dag gjorde Sakarja tjeneste som prest for Gud, for turen var kommet til hans vaktskift.

BM: Bernt G. Olsen og Hans J. Sagrusten fra Det Norske Bibelselskap, med Mumtaz Ayoub, Ehab Tanas og Lois Nagieb fra Det egyptiske bibelselskapet. <br /> NN: Bernt G. Olsen og Hans J. Sagrusten frå Det Norske Bibelselskap, med Mumtaz Ayoub, Ehab Tanas og Lois Nagieb frå Det egyptiske bibelselskapet.

Foto: BM: Bernt G. Olsen og Hans J. Sagrusten fra Det Norske Bibelselskap, med Mumtaz Ayoub, Ehab Tanas og Lois Nagieb fra Det egyptiske bibelselskapet.
NN: Bernt G. Olsen og Hans J. Sagrusten frå Det Norske Bibelselskap, med Mumtaz Ayoub, Ehab Tanas og Lois Nagieb frå Det egyptiske bibelselskapet.

Satsar på nye bibelbutikkar

09. desember 2014. Hans J. Sagrusten | Foto: Tor Tjeransen

I august 2013 vart to av bibelbutikkane til Bibelselskapet i Egypt øydelagde og brende. Men Bibelselskapet trappar ikkje ned av den grunn. No er butikkane opna att, med hjelp frå norske gjevarar. I tillegg har dei opna to nye butikkar, slik at talet no er oppe i 16.

Vi kjem til den eine av dei to nye bibelbutikkane nokre veker før opninga. Ehab Tanas (57) er sals- og økonomiansvarleg i Bibelselskapet i Egypt. Han fortel at butikken ligg sentralt plassert i den austlege delen av Kairo.

– Det bur 3-4 millionar menneske i dette området. Butikken ligg nær jernbanestasjonen og like ved dei to viktigaste gatene i området. Det er mykje trafikk her. Dessutan er det mange kyrkjer i området; ei av dei koptiske kyrkjene ligg berre hundre meter unna.

Butikken er liten, men dei 29 kvadratmetrane er svært godt utnytta. Langsmed begge veggene er det hyller frå golv til tak, til biblar og annan kristen litteratur. Inst i lokalet er det ein barnekrok, og på hemsen eit lite kontor til dei to som skal arbeide her.

– Alle naboane veit at det er ein bibelbutikk som skal opnast her. Vi fekk kjøpt lokalet av han som driv smykkebutikken ved sida av. Han er ein venleg og moderat muslim. Kvar morgon kjem han og seier god morgon, og til jul ønskte han oss ei god høgtid - slik vi gratulerer han ved muslimske høgtider, seier Tanas.

– Eldre menneske hugsar framleis med glede det gode forholdet som var mellom kristne og muslimar før i tida. Dei ønskjer framleis å vera vener, og det er mange muslimar og kristne som faktisk er vener. Dei besøkjer kvarandre og gjev kvarandre gåver i samband med høgtider, bryllaup og liknande.

Då dei to bibelbutikkane vart brende, var det første gongen i historia at noko skjedde med ein av butikkane til Bibelselskapet.

– Vi har aldri hatt problem med naboane til nokon av bibelbutikkane våre, seier Ehab Tanas.

– Då dei to bibelbutikkane vart brende, kom mobben frå ein annan del av byen. Etter at skaden var skjedd, kom fleire av naboane og sa at dei var lei seg for det som hadde skjedd, og nokre kom med blad frå biblar som dei hadde plukka opp frå gata.

Den vesle bokhandelen er meir enn ein butikk. Han er eit senter for arbeidet til Bibelselskapet i denne delen av Kairo. Her kan prestar og leiarar frå dei ulike kyrkjene møte kvarandre. Bibelselskapet er den viktigaste møtestaden for kristne frå ulike kyrkjesamfunn.

– Bibelbutikkane er også vår møtestad med folk flest. Hit kan dei koma, som til ein annan butikk, og stille spørsmål om produkta våre. Dersom dei vil lære meir om kristen tru, kan vi vise dei vidare til ei lokal kyrkje, seier Tanas.

Bibelselskapet sel også mange biblar gjennom dei lokale kyrkjene. Kvart år markerer 700-800 kyrkjer Bibeldagen. Der er Bibelselskapet til stades med eit bokbord.

– Kvart år har vi ein stor stand på bokmessa i Kairo. Om sommaren har vi også eit utsal på den travlaste bensinstasjonen på motorvegen mellom Aleksandria og Kairo. Det er tusenvis av bilar som stoggar der kvar dag.

– I 1997 hadde vi berre tre bokhandlar. No har vi eit nettverk av 16 bokhandlar som dekkjer heile landet, frå Luxor i sør til Aleksandria i nord. Vi kan nå kvar avkrok i landet med leveransar, fortel Ehab Tanas.

Om prosjektet:

16 bibelbutikkar

Det Norske Bibelselskap er med og støttar dei 16 bibelbutikkane til Det egyptiske bibelselskapet. Dette er dei einaste kristne bokhandlane på gateplan i Egypt. Dei fleste butikkane er avhengige av gåver for å halde fram drifta. På Bibeldagen 2015 er norske gjevarar med og sikrar eit kristent nærvær på gateplan over heile Egypt, der alle som vil kan få kjøpt biblar og annan kristen litteratur.
Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO