Gå til innhold

8 En gang var dere selv mørke, men nå – i Herren – er dere lys. Lev da som lysets barn!

BM: – Vi liker bøkene fra Bibelselskapet. Oppgavene er utfordrende intellektuelt, så vi holder oss våkne, sier kvinnene som er samlet til leseopplæringskurs i St. Mosa-kirken i Kairo.<br /> NN: – Vi likar bøkene frå Bibelselskapet. Oppgåvene er utfordrande intellektuelt, så vi held oss vakne, seier kvinnene som er samla til leseopplæringskurs i St. Mosa-kyrkja i Kairo.

Foto: BM: – Vi liker bøkene fra Bibelselskapet. Oppgavene er utfordrende intellektuelt, så vi holder oss våkne, sier kvinnene som er samlet til leseopplæringskurs i St. Mosa-kirken i Kairo.
NN: – Vi likar bøkene frå Bibelselskapet. Oppgåvene er utfordrande intellektuelt, så vi held oss vakne, seier kvinnene som er samla til leseopplæringskurs i St. Mosa-kyrkja i Kairo.

– Vi vil hjelpe både kristne og muslimar

20. oktober 2014.

Vi køyrer gjennom smale, humpete gater, djupt inne i Kairo. Folk snur seg etter bilen med utlendingar. Dette er ikkje eit område der turistar vanlegvis ferdast. Vi stansar utanfor St. Mosa-kyrkja, som har namn etter Moses.

Som ved så mange andre kyrkjer, er det to myndige karar som held vakt ved inngangsdøra. Like innanfor er tolv kvinner i alle aldrar samla til leseopplæringskurs, eit samarbeid mellom Bibelselskapet og den koptiske kyrkja.

Dei fleste er kledde i svart, heilt eller delvis. På murveggene er det ei vifte, eit bilete av den siste nattverden, ei tavle til å skrive på, og eit gamalt bilete av den koptiske paven Shenouda III, som døydde i 2012. Pave Shenouda var pave i 41 år og var høgt elska av alle koptiske kristne. Kvinnene les tekstene etter tur. Det er fastetid, og dei brukar heftet frå Bibelselskapet der lidingshistoria står.

– Vi likar bøkene frå Bibelselskapet. Oppgåvene er utfordrande intellektuelt, så vi held oss vakne, seier dei.

Dei les tekster frå Jesu lidingshistorie. Men dei gamle tekstene får straks liv gjennom oppgåvene i boka. Kvinnene brukar eksempel frå Bibelen inn i sitt eige liv. Dei les om Peter som svikta Jesus, og om Jesus som likevel tilgav Peter. Oppgåva i boka stiller spørsmålet om ein berre skal hjelpe venene sine, eller om ein òg skal hjelpe uvener. Skal dei til dømes hjelpe muslimske naboar?

– Vi skal ikkje tenkje på om naboen er kristen eller muslim – vi skal hjelpe alle, svarar dei.

Det er lett å sjå at dei er glade for å vera her. Dei er ikkje flaue over ikkje å kunna lesa, men stolte over å vera i gang med å lære det. Det er sterke kvinner som tek ordet og fortel om livet sitt. Ei av dei seier:

– Eg bur i eit nabolag med mange muslimar. Dei seier dei ikkje likar å ha kristne omkring seg. Men eg behandlar alle med kjærleik, og no opplever eg at dei likar meg betre og synest at kristne er betre menneske enn andre.

Ei anna kvinne tek ordet:

– Ein av leksjonane i boka fortel om soldaten som slo Jesus. «Kvifor slår du meg?» spurde Jesus. Dette spørsmålet handlar også om oss, om å bli likebehandla med andre i samfunnet.

– Ofte når eg tørka klede ute, hende det at sonen til den muslimske naboen kasta sjokolade på klesvasken, så eg måtte vaske alt på nytt. Men i staden for å rope opp og protestere, gjekk eg roleg og snakka høfleg med nabokona, utan å lage noko bråk, og nabokona bad meg om orsaking. Eg har lært av Jesus å be om min rett på ein audmjuk og høfleg måte.

Ei tredje kvinne tek ordet:

– I ein annan leksjon seier Jesus til Johannes: «Der er mor di» og til Maria: «Der er son din». Her lærer vi kor viktige banda innan familien er. Det er ikkje rett, slik det er i Egypt, at mor må gjera alt husarbeidet, medan far sit på kafeen heile dagen og borna er ute på gata. Eg seier til mannen min: «Borna treng å vera saman med deg og lære noko godt av deg».

Slik arbeider dei med tekstboka frå Bibelselskapet. Etter å ha lese teksta samtalar dei ut frå oppgåvene i boka og snakkar om korleis dei skal leva som kristne og som kvinner, i familien og i samfunnet, i Egypt i dag. Leseboka med bibeltekster lærer dei meir enn å lesa; ho lærer dei også å leva.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO