Gå til innhold

39 Noen dager senere dro Maria av sted og skyndte seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda

BM: Flyktningebarn fra barnehjemmet i Mariupol, Ukraina <br /> NN: Flyktningeborn frå barneheimen i Mariupol, Ukraina.

Foto: BM: Flyktningebarn fra barnehjemmet i Mariupol, Ukraina
NN: Flyktningeborn frå barneheimen i Mariupol, Ukraina.

Borna frå barneheimen i Mariupol

12. oktober 2015. Av: Hans J. Sagrusten | Foto: Dag Smemo

Borna frå barneheimen er flyktningar i sitt eige land på grunn av krigen i aust. Men når dei les i barnebibelen dei har fått frå Bibelselskapet, blir kvelden fredfull og god.

På ein ås utanfor Lviv ligg ein nedlagd militærbase frå Sovjettida. Der møter vi ti born og fire vaksne kvinner frå ein liten barneheim. Dei kjem frå Mariupol, lengst sør-aust i Ukraina, men har flykta over 100 mil bort frå heimbyen, til Lviv lengst vest i Ukraina.

Mariupol berre fire-fem mil frå den russiske grensa. I meir enn eit år har folket her berre venta på at krigen skal spreie seg til byen deira. Det har gått «rykte om krig» (Matt 24,6) lenge no, og heimbyen er ikkje lenger ein trygg stad å vera.

– Tre gonger har vi planlagt å reise attende, seier Nadia Konovalenko, som er leiar for barneheimen.

– Men kvar gong høyrer vi om ny uro langsmed grensa.

Ho fortel at alle borna kjem frå Mariupol.

– Kvart barn har si historie - foreldra er anten døde, alvorleg sjuke eller i fengsel – eller så strevar dei med tunge alkohol- og stoffproblem.

– Vi prøver å byggje borna opp. Nokre av dei har vore utsette for vald og overgrep, og nokre var ekstremt svoltne då dei kom til oss.

– Ei av oss som arbeider her, er sjølv bestemor. Ho prøver å vera bestemor for alle saman, smiler Nadia.

For tre månader sidan kom Vitalij frå Bibelselskapet med barnebiblar til dei. No har det gått tre månader, og Vitalij kjem attende med fleire barnebiblar, denne gongen på russisk, sidan borna kjem frå den russisktalande delen aust i landet.

Ei av kvinnene ved barneheimen, Ilona Kadatskaya, har lese høgt frå barnebibelen kvar kveld, heilt sidan dei fekk biblane. No har ho lese gjennom alle historiene, og dei har byrja på den andre gjennomlesinga.

– Eg la merke til at borna vart mykje meir fredfulle og rolege rundt leggjetid når eg las bibelhistorier for dei, seier ho.

– No les vi frå barnebibelen i 30-40 minutt kvar kveld, og etterpå pratar vi saman om historiene vi har høyrt.

– Borna er svært opptekne av bibelforteljingane, og dei snakkar mykje om dei. No har vi byrja å lesa alle historiene på nytt, og denne gongen har vi teke til å læra dei utanåt.

Vi spør borna kva som er favoritthistoriene deira, og dei ropar i munnen på kvarandre:

– Forteljinga om Ester!

– Då Jesus vart fødd i Betlehem!

– Forteljinga om Adam og Eva!

– Historia om då David vart konge!

Vi spør Ilona om ho sjølv hadde ein barnebibel då ho var lita.

– Ja, eg hadde den same blå barnebibelen for nesten tjue år sidan! Favoritthistoria mi var også forteljinga om Ester, smiler Ilona.

Den blå barnebibelen vart distribuert i store opplag i Aust-Europa etter jarnteppets fall. Åtte millionar av desse biblane vart spreidde i Aust-Europa i åra mellom 1990 og 1993 - fire millionar av dei i Ukraina. Mange av dei var finansierte gjennom gåver frå norske bibelvener.

Den blå barnebibelen vart ikkje berre lesen av borna, men like mykje av foreldra og besteforeldra deira.

– Desse biblane endra landet vårt, seier ukrainske kyrkjeleiarar i dag.

No ser vi resultatet, i kvinner som Ilona, som formidlar bibelhistoriene vidare til ein ny generasjon. Mange av dei som gav pengar til barnebiblar i 1990-åra, fekk aldri sjå frukta av gåvene dei gav. Men i dag ser vi kva desse barnebiblane har gjort.

Ein av dei nådde ei ung jente som heitte Ilona, og i dag er det ho som les bibelhistoriene for borna frå Mariupol, takka vere biblane som Det ukrainske bibelselskapet har vore og delt ut.

I dag kan vi få vera med og gje ein ny generasjon i Ukraina sin eigen barnebibel - i ei tid som er like avgjerande for folket i landet som på 1990-talet. Vil du vera med og gje flyktningborna i Ukraina ein barnebibel som kan gje dei håp for framtida?

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO