Gå til innhold

8 En dag gjorde Sakarja tjeneste som prest for Gud, for turen var kommet til hans vaktskift.

BM: Natalya Slobodska (32) er rektor på den kristne barneskolen «Det levende Ordet» i Lviv. <br /> NN: Natalya Slobodska (32) er rektor på den kristne barneskulen «Det levande Ordet» i Lviv.

Foto: BM: Natalya Slobodska (32) er rektor på den kristne barneskolen «Det levende Ordet» i Lviv.
NN: Natalya Slobodska (32) er rektor på den kristne barneskulen «Det levande Ordet» i Lviv.

Rektoren og barnebibelen

12. oktober 2015. Av: Hans J. Sagrusten | Foto: Dag Smemo

I dag har borna på den kristne skulen fått barnebiblar frå Bibelselskapet. Den same barnebibelen vart eit godt grunnlag for trua til rektor Natalya.

Natalya Slobodska (32) er rektor på den kristne barneskulen «Det levande Ordet» i Lviv, som er driven av adventistkyrkja. Under avsluttinga før sommarferien fekk alle borna på skulen ein bibel frå Bibelselskapet. Eit av borna var sonen til rektor.

– Illya kom springande inn til meg og sa: «Sjå, mor! No har eg min eigen bibel!» Og så var det den same blå barnebibelen som eg sjølv ønskte meg då eg var lita!

– Eg prøvde å finne ein slik barnebibel til han då han var liten, men det var ikkje mogleg å få tak i ein. Difor er eg veldig glad no! Eg vil takke Bibelselskapet for barnebiblane som elevane på skulen fekk i dag.

– Min eigen barnebibel min var ein billeg bibel i grått, utan fargar, som eg fekk då eg var sju år. Først mange år seinare fekk eg sjå den same barnebibelen som elevane har fått i dag, i fine fargar og med blått omslag.

Det var hos bestemora ho først såg barnebibelen.

– Eg hugsar rommet til bestemor mi og bokhylla hennar. Det var der eg fann den grå barnebibelen. Denne billegutgåva hadde bestemor fått kjøpt i 1990. Bibelen hadde stor skrift og korte historier. Eg likte å lesa, så eg las snart ut heile Bibelen.

– Sidan såg eg den same barnebibelen i fargar. Eg bestemte meg for at når eg ein gong fekk born sjølv, då ville eg at barnet mitt skulle få denne barnebibelen i fargar. Så då Illya vart fødd, såg eg etter den blå barnebibelen, men han var ikkje å få tak i. Men i dag har han endeleg fått han!

Kva har den gamle barnebibelen hatt å seia for livet hennar?

– I dag ser eg at barnebibelen vart eit viktig grunnlag for trua mi. Han var eit lite frø som såg lite attraktivt ut, men som eg fekk stor interesse for.

– Når eg i dag ser kor mange bibelutgåver vi kan få tak i, kan eg berre seia: Gud vere lova! Takk for denne gode maten som vi kan gje til borna våre, og for at vi fritt kan bruke Bibelen, både på skulen og i heimane våre!

– I dag kostar ein bibel mindre enn ei dagløn. Men mange av familiane som har fått ein barnebibel i dag, ville ikkje hatt råd til å kjøpe ein. Det er mange som ikkje får lønningar i dag, på grunn av situasjonen i landet vårt.

– Dei 70 barnebiblane de har delt ut i dag, kjem til å ha mykje å seia i familien til desse borna! Når borna går på ein kristen skule, kjem dei heim og seier til foreldra at dei vil høyre bibelhistorier på sengekanten. Og då må foreldra lesa for dei!

Natalya hugsar tida då forholda for dei kristne byrja å endre seg.

– Eg kan hugse at mor mi, som var ein inderleg ortodoks kristen, byrja å ta meg med til kyrkja kvar sundag. Det var i 1987, då eg var fem år, då glasnost og perestrojka vart innført i Sovjetunionen.

– Då mor mi var lita, kom læraren til kyrkja og skreiv ned kven av skuleborna som var der. Neste dag måtte desse elevane stå framfor alle dei andre, medan læraren spurde dei korleis dei kunne gjera noko så dumt.

– Men då eg var lita, var det lettare. Eg gjekk på bibelundervising i den ortodokse kyrkja. Då eg var fjorten år, heldt adventistane eit bibelmøte i landsbyen min. Frå den tida byrja eg å lesa Bibelen frå perm til perm.

No les Natalya gjennom heile Bibelen ein gong i året. Og ho blir ikkje lei.

– Kva gong eg les i Bibelen, opnar det seg nye ting for meg. Kvar gong!

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO