Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Fader Roman Kravchick

Foto: Fader Roman Kravchick

– Takk til dei som gav oss biblar!

12. oktober 2015. Av: Hans J. Sagrusten | Foto: Dag Smemo

«Gud har gjeve oss Paradis!» Situasjonen i dag kan ikkje samanliknast med for 25 år sidan, seier den gresk-katolske presten. No har dei biblar dei kan bruke i barne- og familiearbeidet i kyrkja.

Det er pinsedag i Lviv, vest i Ukraina. Etter gudstenesta i den store gresk-katolske katedralen møter vi fader Roman Kravchick.

Vi spør om dei har noko barnearbeid i katedralen.

– Kvar skal eg starte, seier fader Kravchick, smiler og slår ut med hendene.

– Det er om lag 350 familiar som høyrer til denne katedralen, og vi har eit omfattande arbeid for born i alle aldrar.

To gonger i veka, på tysdagar og torsdagar, er det familiesamlingar med bibellesing, fortel han.

– Det kjem både små og store born. Og kvar av dei har sin eigen bibel frå Bibelselskapet.

– Når dei kjem saman, les dei meir enn eit kapittel i lag. Fyrst bed dei ein liturgi saman. Så les dei ei tekst frå evangelia og ei frå breva i Det nye testamentet. Folk skifter på å lesa. Etterpå er det ein prest som leier samtala om det dei har lese. Det tek mellom 40 minutt og ein time.

– Vi har også barneleirar og møte då vi deler ut barnebiblar og oppmodar borna til å lesa.

– Det er stort når eit menneske tek Bibelen i hendene og byrjar å lesa. Det er viktig å ta Bibelen i hendene våre og byrje å lesa.

Den gresk-katolske kyrkja er noko heilt for seg sjølv. Ho er katolsk i det at ho høyrer inn under paven i Roma, men ho har halde på ortodoks liturgi og formspråk. Som i dei ortodokse kyrkjene blir liturgien sungen, utan bruk av instrument.

– Korleis er tilgangen på biblar i dag, samanlikna med for 25 år sidan?

– Håh! - Faderen lyfter hendene og rister på hovudet.

– Det er utan samanlikning! Den heilage ande har opplyst oss - han har gjeve oss Paradis! Takk til både Gud og menneske. Takk til alle dei som gav biblane vi fekk!

Kva tenkjer han når han ser 25 år fram i tid?

– Eg er uroleg for bruken av Det gamle testamentet. Det nye testamentet blir både brukt og forstått av folk. Men når vi i dag feirar pinse, er også dette føresagt i Det gamle testamentet. Vi må forklare Det gamle testamentet og dei skikkane som stammar derifrå betre. – Har gleda over å lesa i Bibelen også nådd kyrkja di? – Ja! Ja, verkeleg. I kyrkja vår er 250 familiar med på eit opplegg med bibellesing i heimane klokka ni kvar kveld. Dei tenner lys og les høgt frå Bibelen heime. Dette er eit initiativ som er starta av kyrkja. Dei følgjer ein bibelleseplan som vi har laga.

– Dessutan bed desse familiane bøner frå Salmane kvar dag. Dei går gjennom alle Salmane to gonger i året, ein bibelsk salme kvar dag.

Når faderen har vigslar, gjev han ein bibel til brureparet og oppmodar dei til å lesa i han. – Når eg møter att par som eg har vigt, spør eg dei alltid: Kva har de lese i dag? Og ofte kan dei fortelja kva dei har lese.

– Når dei kjem på bibelmøte på tysdag og torsdag, får prestane ofte høyre vitnemål om det folk har lese i Bibelen.

– Har du ei utfordring å koma med til Bibelselskapet?

– Det arbeidet de gjer i dag er svært godt. Når eg vender meg til Bibelselskapet, har de alltid noko å tilby. Det viktigaste er at biblane ikkje ligg uverksame, men er i bruk. Når ein person får ein bibel, skjønar han samtidig at han er forplikta til å bruke han.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO