Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

Georg Andreas er generalsekretær i Bibelselskapet i Syria. Han er svært takknemlig for gaven fra norske menigheter og forteller at det aldri tidligere har vært drevet et så omfattende bibelspredningsarbeid.

Foto: Georg Andreas er generalsekretær i Bibelselskapet i Syria. Han er svært takknemlig for gaven fra norske menigheter og forteller at det aldri tidligere har vært drevet et så omfattende bibelspredningsarbeid.

– Aldri vore så aktivt bibelarbeid

31. oktober 2017. Tekst og foto: Dag K. Smemo

Det blir distribuert fleire biblar og nytestamente i Syria enn nokon gong før. «Mange søkjer åndeleg hjelp i denne vanskelege tida» fortel George Andrea i Bibelselskapet.

George Andrea er leiar i Bibelselskapet i Syria. Eg møter han på langfredag, dagen då Jesus gjekk i døden. For George er denne dagen full av kjensler.

– Jesus sette seg sjølv i den same situasjonen som oss. Han leid slik som oss her i Syria. Etter seks år med krig og liding er dette sterkt.

– Kvifor er de framleis her, George?

– Vi er framleis her i Syria fordi menneske over heile verda bed for oss. Vi kan kjenne denne forbøna heile tida. Det er bøna frå dei truande som held oss oppe, seier George Andrea.

– Vi er avhengige av Guds omsut og vern kvar dag. Vi legg all vår uro i Herrens hender. Som familie har vi bestemt oss for å vera hos folket vårt i landet vårt.

– Bibelarbeidet har aldri vore så aktivt som under desse krigsåra. Mange søkjer åndeleg hjelp i denne vanskelege tida. Vi har lagt om arbeidet mange gonger desse åra. Heile tida må vi laga nye prioriteringar, for å møta nye utfordringar.

– Vi har måtta leggja om korleis vi fraktar bøkene våre. Før brukte vi to varebilar og køyrde over heile landet. No er det for farleg å køyre mange stader, så då brukar vi annan transport. Fleire gonger har lasta vorte teken eller brend, eller vi har måtta kjøpe fri bøker.

– Folk spør enno etter biblar, nytestamente og andre bibelske bøker. På same måten som folk treng lys, varme og mat, treng dei òg åndeleg mat.

– Det er mange som spør etter materiell for born. Foreldre og besteforeldre bed om materiell til borna. I denne vanskelege tida er det viktig for familien å få von og trøyst gjennom Guds ord. For Bibelen seier: Herren er vår tilflukt.

– Vi er dei einaste som importerer kristeleg litteratur inn til Syria. Vi formidlar hjelp til alle kyrkjesamfunn. Alle kjem til oss og bed om biblar og andre bøker. Vi skaffar alt; vi har 1800 ulike titlar. Sjølv under kringsetjinga av Aleppo greidde vi å skaffe bøker. Mange frivillige hjelpte oss, slik at dei som ynskte det, kunne få biblar og anna bibelsk materiell.

– Den kristne byen Maaluola er dessverre heilt øydelagt. Det er der dei snakkar arameisk, Jesu eige språk. Nokre få kristne har no vendt attende, dei freistar å restaurere og starte livet på nytt. Dette var ein stad der kristne og muslimar levde fredeleg side om side.

George Andrea
George Andrea

– Dessverre er det no ei heilt anna haldning mellom kristne og muslimar enn tidlegare. Det er større spenning, og ikkje så trygt og venleg. Men mange muslimar blir kristne. Mange har måtta flykte til kristne område. Då ser vi ofte at dei forandrar klede og stil. Dei kjenner seg trygge hos dei kristne. Dei blir tekne venleg imot, og kyrkjene hjelper dei. Kyrkjene har teke ansvaret med å hjelpe folk på flukt. Ein prest sa det slik: Før ville eg så gjerne gå til muslimane - no har dei kome til oss.

– Det er oppgåva vår å leva ut trua vår i praktisk arbeid for alle. Det er krossen vår, og det skal vera vitnemålet vårt. Det kan ofte vera lett å prate om trua, men gjerne vanskelegare å leva henne ut i praktisk medmenneskeleg handling, seier George Andrea.

George Andrea utfordrar til slutt dei kristne i Europa til å vitne for flyktningane som kjem til landet deira. Vi skal ikkje berre gje dei eit godt materielt liv, men òg noko for sjela.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)



Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO