Gå til innhold

10 Jeg gleder meg i Herren,
min sjel jubler over min Gud.
For han har kledd meg i frelsens klær
og svøpt meg i rettferdighets kappe
lik en brudgom som setter på seg prestelig turban,
lik en brud som pynter seg med smykker.

Elias (Foto: Dag K. Smemo)

Foto: Elias (Foto: Dag K. Smemo)

– Vi er avhengige av materiell frå Bibelselskapet

23. oktober 2017. Tekst og foto: Dag K. Smemo

I Syria og Irak møtest dei kristne på nytt til gudsteneste. Men biblane og barnebøkene deira er øydelagde. Dei er heilt avhengige av det nye materiellet dei får frå Bibelselskapet.

Elias (25) er ein av leiarane for barne- og ungdomsarbeidet i den gresk-katolske Kyrillos-kyrkja i Damaskus. Meir enn tusen born og unge er med i kyrkja. Men mange har ikkje lenger tru på framtida.

– Fleire av dei unge er resignerte. Når vi spør dei om kva dei tenkjer om framtida, møter vi tomme og motlause blikk. Dei freistar ikkje å tenkje på det. «Vi har ingen draumar», svarar fleire.

Før krigen vandra dei kristne frå kyrkje til kyrkje under påskefeiringa, og mange ikkje-kristne stod langsmed ruta og såg på. No går all feiringa føre seg inne på området til kyrkja, der dei kan kjenne seg tryggare.

– Før sprang vi inn og ut av kyrkja og var glade. No er vi redde og må halde kontroll med kven som kjem inn. Det kan vera nokon som vil oss noko vondt, seier Elias.

– Vi brukar materiell frå Bibelselskapet i undervisingsarbeidet. Vi er avhengige av dette samarbeidet og det materiellet Bibelselskapet skaffar oss. Sist jul fekk vi både barnebiblar og bibelske aktivitetsbøker frå Bibelselskapet.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)



Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO