Gå til innhold

24 *Vår Herre Jesu Kristi nåde være med dere alle! Amen.•

Pastor Elena hadde ein stor draum: Å dele ut nytestamente til alle husstandar rundt kyrkja si. Prosjektet «Ein million biblar til Cuba» gjorde det mogleg å oppfylle draumen.

Foto: Pastor Elena hadde ein stor draum: Å dele ut nytestamente til alle husstandar rundt kyrkja si. Prosjektet «Ein million biblar til Cuba» gjorde det mogleg å oppfylle draumen.

– Biblane har gjort ein stor forskjell

27. november 2017. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Pastor var det einaste ho ikkje ville bli. Men i dag er ho pastor i ein bydel i Havanna. Og ho har delt ut biblar og nytestamente frå aksjonen «Ein million biblar til Cuba» til alle husstandar rundt kyrkja.

Elena Querol Menendez er pastor i «Iglesia de Dios» fullevangeliske kyrkje i Havanna. Ho er gift og har to born. Foreldra hennar var også pastorar.

– Når oppdaga du at også du hadde kall til å bli pastor?

– Eg starta som sundagsskulelærar då eg var tretten år, og eg var svært engasjert i det arbeidet. Men først som tjuefire-åring spurde eg: Kva vil Gud at eg skal bruke livet mitt til?

Som dotter til to pastorar hadde ho sett kor mykje forskjellig som må gjerast i ei kyrkje: – Som pastor gjer du meir enn å preike: Du underviser på sundagsskulen, du vaskar både kyrkjesalen og toaletta, du førebur og organiserer alle aktivitetar - ja, du gjer i grunnen alt!

– Så eg sa til Gud: Eg kan gjera alt - utanom å vera pastor. For eg hadde sett kor mange vanskar foreldra mine fekk. Etter revolusjonen i 1959 sat far min i fengsel i to år. Denne tida var svært vanskeleg for oss. Så eg sa til meg sjølv: Eg skal aldri, aldri bli pastor!

Elena utdanna seg i staden til spesialist i pediatrisk kardiovaskulær medisin.

– Men eg las i Bibelen, og det var slik eg møtte kallet. Andre kan fortelja at dei har høyrt Gud tala til dei - men slik var det ikkje for meg. Eg las i Efesarbrevet at Gud gav nokre til å vera apostlar, profetar, evangelistar - og til pastorar og lærarar. Då eg kom til orda «pastorar og lærarar», gjorde hjartet mitt eit kraftig hopp. Og eg sa: «Eg har forstått det, Gud - eg skal bli lærar - men ikkje pastor!» Men Gud sa: «Jau, du skal bli lærar, men også pastor!»

For tolv år sidan vart Elena vald til pastor. Ho har studert bibel og teologi i Quito i Ecuador, og no held ho på med mastergrad i bibelfag.

– Korleis var tilgangen på biblar i kyrkja for tolv år sidan?

– Vi fekk nokre biblar frå Bibelkommisjonen, men ikkje mange nok. Dessutan hende det at folk frå utlandet tok med seg biblar i bagasjen. Alt vart delt ut til nye kristne og til nydøypte.

– Men Gud vere lova - dei siste åra har det kome mange biblar gjennom prosjektet «Ein million biblar til Cuba». No er det mange fleire som har tilgang til Bibelen. Når det kjem nye i kyrkja, kan vi gje dei ein bibel eller eit nytestamente.

Prosjektet har gjort det mogleg for Elena å realisere ein stor draum:

– Gud gav meg den ideen i hjartet at alle i nabolaget skulle få ein bibel. Så eg snakka med Alain i Bibelkommisjonen, og han skaffa meg to kasser med biblar. Vi delte ut til kvar einaste husstand i nabolaget rundt kyrkja.

– Korleis var reaksjonane?

– Mange reagerte positivt og sa: «Er dette verkeleg til meg?» Andre sa: «Gud velsigne dykk! Eg har aldri lese i Bibelen før!» Vi har oppdaga at mange som ikkje går i kyrkja, gjerne ønskjer å ha ein bibel i huset, og at dei gjerne vil lesa i han.

– Har du sett nokon langvarige effektar av utdelinga?

– Vi har fått fleire nye medlemmar som eit direkte resultat av denne utdelinga, både i denne kyrkja og i andre kyrkjer. Dette er folk som ikkje hadde ei kristen tru før. Så alle desse biblane har gjort ein stor forskjell - dei har ført til at fleire vender seg til Gud!

– Takk for støtta!

Pastor Elena Querol Menendez
Pastor Elena Querol Menendez

– Eg takkar Gud for alle som har støtta prosjektet «Ein million biblar til Cuba». Du må formidle ei stor takk til dei, både frå meg personleg og frå kyrkja vår. Vi kjenner ikkje desse gjevarane personleg, men dei er i våre bøner!

– Det gjer meg glad å vita at det er vanlege kvinner og menn i Noreg som har betalt for biblane vi får. Må Gud velsigne dei og gje dei å halde fram med å spreie Guds Ord til alle som treng evangeliet om Jesus Kristus.

– Når vi feirar den årlege Bibeldagen, snakkar vi alltid om dei som har betalt for biblane vi får. Neste månad skal vi be særskilt for Noreg. Ja, november blir ein bønemånad for Noreg!

Pastor Elena Querol Menendez, Havana

Tilbake til innholdsoversikten
Gi en bibelgave til Cuba

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO