Gå til innhold

22 Så kom de til Betsaida. Der førte de en blind mann til Jesus og ba ham røre ved mannen.

Ingeborg Mongstad-Kvammen er generalsekretær i Bibelselskapet

Foto: Ingeborg Mongstad-Kvammen er generalsekretær i Bibelselskapet

«Dette er min første bibel. Tusen takk!»

28. november 2017. Ingeborg Mongstad-Kvammen

Møtet er kort. Nærast flyktig. Utan felles språk. Ein maikveld på ei litt dårleg opplyst kyrkjetrapp i utkanten av Havanna. Eg er på kyrkjebesøk saman med medarbeidarane i Bibelkommisjonen på Cuba, og som alltid har me med oss biblar som me deler ut.

Det er 11 millionar innbyggjarar på Cuba. Utdanningsnivået er blant dei høgaste i verda. Men gjennomsnittsløna er 180 kroner i månaden. Det kan ein ikkje leve av. Ein bibel kostar ca. 50 kroner. To millionar cubanarar går jamleg i kyrkja, men halvparten har ikkje sin eigen bibel.

Dette gjer i seg sjølv eit sterkt inntrykk.

Men det er enkeltmennesket bak statistikken eg møter ein maikveld på ei kyrkjetrapp i utkanten av Havanna. Det er ei pinsekyrkje me er i. Kyrkjebygget er nytt. Det er ei stor forsamling, og 700 menneske er til stades på møtet.

Alain, kollegaen min i Bibelkommisjonen, bed alle som ikkje har ein eigen bibel om å rekkje opp handa. Då rekkjer ca. halvparten opp hendene.

Men det er ikkje dette som gjer sterkast inntrykk på meg. Det er mannen eg møter etter gudstenesta. Me står på kyrkjetrappa og deler ut biblar til dei som ikkje har. Eg gjev ein bibel til ein mann omtrent på min eigen alder. Han ser ut som ein heilt vanleg cubanar. Eg smiler, for eg kan ikkje spansk. Og så byrjar han å snakke til meg. Eg får tak i ein tolk. Det mannen seier, med tårer i auga, er denne enkle setninga:

«Eg har vore kristen heile livet, men dette er min første bibel. Tusen takk!»

Møtet er kort. Nærast flyktig. Utan felles språk. Og det har brent seg inn i minnet mitt. For eg har òg vore kristen heile livet. Men i motsetnad til denne mannen har eg eigd mine eigne biblar sidan eg var ei lita jente. Biblar eg har fått og biblar eg har kjøpt sjølv.

Paulus skriv i slutten av brevet til galatarane, som ei slags oppsummering av den kristne trua:

«Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov.» (Gal 6,2)

Her gjer Paulus trua svært praktisk. Det handlar om å bere børa for kvarandre. Det kan vere heilt konkret: Å gje ein bibel til dei som ikkje har. Å ta noko av bagasjen til turkameraten som har for tung sekk. Å lytte til ein ven som har det vanskeleg.

Trua blir praktisk og enkel og mogleg for alle når me ber børa for kvarandre. Då gjer me den kristne trua. No har me snart nådd målet på ein million biblar til Cuba. Det gjer oss både stolte og glade. Me vil takke alle gjevarar som har gjort det mogleg å nå målet om ein million biblar. Men enno finst det mange menneske som han eg møtte på kyrkjetrappa. Difor vil me halde fram med å støtte bibelarbeidet på Cuba.

Størstedelen av teksta er tidlegare framført som radioandakt i NRK.

Tilbake til innholdsoversikten

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO