Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Belete Lorisso har arbeidet med bibeloversettelsen til hadiyya-språket i tjueni år.

Foto: Belete Lorisso har arbeidet med bibeloversettelsen til hadiyya-språket i tjueni år.

Eit livsverk med bibelomsetjing

04. desember 2018. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

«I himmelen treng vi inga bibelomsetjing», seier Belete Lorisso. Likevel har han brukt heile livet på å omsetja Guds Ord til sitt eige morsmål. «Folk blir glade når dei høyrer teksta», seier han.

Belete Lorisso har vore med i arbeidet med bibelomsetjinga til hadiyya-språket heilt sidan byrjinga i 1981. Først i tolv år, fram til Det nye testamentet var ferdig i 1993. Så i sytten år frå 2001 til i dag, i arbeidet med Det gamle testamentet. Neste år skal omsetjinga vera ferdig.

Han peikar og viser på dataskjermen korleis han arbeider med å forma den nye bibelteksta.

– Det er eit veldig interessant arbeid å omsetja Bibelen til hadiyya-språket. For hadiyya er mitt eige morsmål.

– Kva føler du når du omset Bibelen til morsmålet ditt?

– Eg blir glad – eg kjenner ei djup glede! Eg har brukt heile livet, tjueni år av livet mitt, på dette arbeidet! Først tolv år på Det nye testamentet, og no sytten år på Det gamle testamentet.

– Eg er svært glad for å vera med i dette arbeidet, for dette er Guds eige arbeid – det er ei teneste for Gud! Alt eg har høyrer Gud til – både kunnskapen min, familien min, alt eg eig, ja, eg sjølv – alt høyrer Gud til!

Eg møtte Belete Lorisso første gongen i juni 2015. Den gongen prioriterte han å møta gjestene frå Bibelselskapet i Noreg framfor å vera med i trulovingsselskapet for dottera si, noko som er ei viktig familiehending i Etiopia. Eg vart rørt over å sjå kor viktig arbeidet med bibelomsetjinga er for han.

– Det er arbeidet med bibelomsetjinga som er sjølve livsverket ditt?

– Ja, seier han ettertenksamt.

– Kor gammal var du då du byrja som bibelomsetjar?

– Eg var tjuefem år gammal.

– Og kva føler du, no då du er nesten ferdig med Det gamle testamentet?

– No ønskjer eg berre å læra folk å ta den nye bibelteksta i bruk. Eg vil ut og undervisa evangelistar, prestar og songarar i kyrkjene og på bibelskulane. For no er utfordringa å læra folk å lesa og bruka bibelen.

Belete Lorisso og dei andre bibelomsetjarane reiser frå tid til anna ut til kyrkjene i området, for å lesa utdrag frå den nye bibelomsetjinga for dei.

– Eg kjenner ei djup glede over å vera med på dette arbeidet, seier Belete Lorisso.
– Eg kjenner ei djup glede over å vera med på dette arbeidet, seier Belete Lorisso.

– Korleis reagerer folk når dei høyrer bibelteksta på sitt eige språk?

– Dei blir svært lukkelege – ja, dei blir glade! Etter at vi fullførte Det nye testamentet, drog vi rundt og las bibeltekstene på bibelskular og i kyrkjer. Vi lærte prestar og evangelistar å lesa den nye teksta, og vi lærte dei å undervisa og forkynna ut frå henne. Og folk vart svært glade!

– Vi har òg fått mange nye songar på hadiyya-språket, som vi no syng i kyrkjene. Den nye bibelteksta har vorte ein viktig ressurs for dei som leiar songen i kyrkjene.

Eg fekk sjølv oppleva korleis songen i kyrkja i Hossana lyfte seg då koret gjekk over frå å syngja på amharisk til å bruka det lokale hadiyya-språket. Eldre folk reiste seg og klappa i hendene; endeleg gjekk songen til hjartet på dei.

– Også i himmelen kjem vel hadiyya-språket til å lyda, når menneska lovsyng Gud?

– Det veit berre Gud, kanskje blir det slik! Men i himmelen trur eg alle kjem til å bruka det same språket. Der blir det kanskje berre eitt språk, som alle kan skjøna, ler han.

– Så i himmelen blir det ikkje bruk for ei bibelomsetjing?

– Nei, der treng vi ingen bibel. For der er Gud sjølv til stades, i sitt eige rike.

Faktum om hadiyya:

  • Språket vart først skildra og skriftliggjort frå 1970- og 1980-talet. I 1984 publiserte Dr. Haileyesus Engdashet ei bok om fonologien i hadiyya-språket.
  • Det nye testamentet på hadiyya-språket var ferdig i 1993 . Sidan den gongen har kyrkjene og folket bede Bibelselskapet i Etiopia om å omsetja heile Bibelen.
  • Då prosjektet vart starta i 2001, rekna ein med at 1 284 000 menneske ville nyta godt av den nye omsetjinga. I dag er talla truleg høgare.
  • Prosjektet inkluderer både ein revisjon av omsetjinga av Det nye testamentet frå 1993 og den aller første omsetjinga av Det gamle testamentet.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO