Gå til innhold

1 La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!

Philipos Paulos (49) begynte å oversette bibeltekster alt som femtenåring.

Foto: Philipos Paulos (49) begynte å oversette bibeltekster alt som femtenåring.

Som ein draum som blir oppfylt

04. desember 2018. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Heile livet har Philipos Paulos (49) bore på ein draum: å få Bibelen på sitt eige morsmål. No er draumen i ferd med å bli sann.

– Eg hadde ikkje trudd at eg skulle få oppleva dette. Men no skjer det. Eg kan ikkje få sagt kor spend og takksam eg er, seier 49-åringen frå Durami i Etiopia.

Han talar kambatta, eit språk som blir brukt av over ein million menneske. Sidan dei ikkje har hatt ein eigen kambatta-bibel, har nasjonalspråket amharisk vorte brukt i staden.

Vi møter Philipos og dei to andre som har fungert som språkleg referansegruppe i arbeidet med omsetjinga til kambatta-språket. Arbeidet tok til i 2001. Mykje tyder på at det kan sluttførast i løpet av neste år. Oppgåva til referansegruppa er å gå gjennom tekstene og koma med forslag til justeringar og endringar.

Eigen bibel

Den nye bibelomsetjinga til kambatta er ikkje den første som Philipos har vore med på. Alt for trettifem år sidan, då Philipos var 14 år, starta han sitt eige omsetjingsarbeid.

– Når presten las frå Bibelen i kyrkja, forstod eg den amhariske teksta. Men det var verre for foreldra og småsyskena mine. Dei skjøna ikkje kva som vart lese.

– På eige initiativ byrja eg å omsetja delar av Bibelen til kambatta. Eg hadde ei lita skrivebok som vart vår kambatta-bibel, smiler Philipos, som fortel at han las desse bibeltekstene høgt for familien.

– Det var høgtid over dei stundene då vi las bibeltekstene på vårt eige morsmål, smiler han.

Josef i brønnen

– Hadde de nokre spesielle favoritthistorier?

– Historia om Josef som blir kasta i brønnen, var spesielt spennande. Når vi fekk denne på vårt eige språk, vart det spennande for oss alle.

Philipos tykkjer det er svært leitt at den handskrivne bibelen frå barneåra er borte. Etter intens leiting har han vorte nøydd til å innsjå at denne bibelutgåva er borte for alltid.

Philipos Paulos (t.v.), Markos Loba og Lucas Kamillo leser og kommenterer de nye bibeltekstene til kambatta-språket.
Philipos Paulos (t.v.), Markos Loba og Lucas Kamillo les og kommenterer dei nye bibeltekstene til kambatta-språket.

Høgre verdi

Tre menn frå Durami er med i referansegruppa for kabatta-omsetjinga. Dei har full jobb ved sida av språkarbeidet, men dei klagar ikkje over at dei i fleire år har brukt kveldar og helger på å lesa og kommentera bibeltekster.

– Det har vore ei glede å vera med i dette arbeidet. Ja, eg ser det som ei ære å ha fått gjeve kommentarar til den Bibelen som no skal gjevast ut, seier 62 år Lucas Kamillo.

– Bibelomsetjinga har endra synet mitt på mitt eige språk. Når kambatta blir eit bibelspråk, får det på ein måte høgre verdi. Dette arbeidet har ført meg nærare bibeltekstene, men òg nærare den språklege kulturen min, seier åttebarnsfaren.

Tredjemann i omsetjingsgruppa er 38-åringen Markos Loba. Han peikar på at han har fått sett djupnene i teksta gjennom dette arbeidet.

– Når bibelordet blir lese på vårt eige språk, blir det meir autentisk. Dermed har eg fått endå meir tiltru til Guds ord. Eg har fått sett djupare inn i det, seier han.

Samspelet

Det er Philipos Paolos som avsluttar samtala vår. Vi sit i sollyset utanfor området som rommar synodekontoret og kyrkja til Mekane Yesus-kyrkja i Durami-området.

– Bibelomsetjing er ikkje noko einmannsprosjekt. Før vi tre i referansegruppa får teksta, er det mange omsetjarar og andre fagfolk som har gjort eit stort arbeid. Det er i dette samspelet den nye Bibelen på kamabatta blir til, seier Philipos Paolos.

Last ned artikkel i Word-format og bilete i høg oppløysing (Zip-fil)

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO