Gå til innhold

22 Så kom de til Betsaida. Der førte de en blind mann til Jesus og ba ham røre ved mannen.

Anatoliy Raychynets

Foto: Anatoliy Raychynets

Ærespris til Anatoliy

16. mai 2018. Foto: Hans J. Sagrusten

Assisterande generalsekretær i Bibelselskapet i Ukraina, Anatoliy Raychynets, har fått presidentens fortenestemedalje for sitt arbeid med interreligiøs dialog.

Mange har møtt Anatoliy Raychynets som tolk for ein av Bibelselskapets gjester, eller som talar på Bibeldagen. Han er ein sann noregsven og talar flytande norsk. No har han fått ei høg utmerking for sitt mangeårige arbeid for å skape dialog mellom dei ulike trusretningane i Ukraina. Bibelselskapet er i dag den viktigaste møtestaden for dei mange kyrkjene i landet, og for felles samtalar med andre religionar. Anatoliy har arbeidd mykje for å fremje denne dialogen, som har vore viktig i den vanskelege situasjonen i landet. Vi gratulerer.

Tilbake til innholdsoversikten

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO