Gå til innhold

26 Gud sa: «La oss lage mennesker i vårt bilde, så de ligner oss! De skal råde over fiskene i havet og fuglene under himmelen, over feet og alle ville dyr og alt krypet som det kryr av på jorden.»

Dr. Grygoriy Komendant

Foto: Dr. Grygoriy Komendant

Bibelens år i Ukraina

16. mai 2018. Tekst: Dr. Grygoriy Komendant | Foto: Dag K. Smemo

Frå våre nære samarbeidspartnarar i Ukraina har vi fått den gledelege meldinga at kyrkjene i landet har erklært 2018 som «Bibelens år». Dette er ei stor utfordring også til oss, som i mange år har hatt ein særskilt samarbeidsavtale med Bibelselskapet i Ukraina.

Dr. Grygoriy Komendant, styreleiar i Bibelselskapet, skriv i ei helsing:

Ein utruleg sjanse

Kjære vener av det ukrainske Bibelselskapet:

Gud har opna ein utruleg sjanse til å distribuere sitt Ord: Alle kyrkjene i Ukraina har saman erklært at 2018 er «Bibelens år». Det er planlagt ei rad med arrangement over heile landet: Bibelen skal lesast høgt på offentlege stader, og kyrkjene skal i fellesskap lage ein handskriven versjon av Bibelen - eit teikn på at folket stolar på at Bibelens verdiar kan hjelpe vårt lidande og blødande Ukraina.

Landet vårt er utslite og fortvila. Uretten rår, og folk mistar håpet. Det einaste som kan lindre smerta vår, er Ordet frå Gud - Ordet om kjærleik, fred og tilgjeving. Berre Bibelen kan stoppe den fryktelege og destruktive sjukdomen som korrupsjonen er, ved å skape gudsfrykt i hjarta til syndarar. Vi har sett mange eksempel på at Bibelen har fått kriminelle til å leggje våpena ned, vende om og koma heim att til familiane sine.

Enorm etterspørsel

Vi står overfor en enorm etterspørsel etter Bibelen i kyrkjene våre. Etterspørselen er overveldande mykje større enn vi venta i fjor, då vi planla prosjektet. Absolutt alle kyrkjesamfunn - frå dei evangeliske til dei ortodokse og katolske - har sagt at dei vil vera aktivt med i dette initiativet. Fleire av våre systerbibelselskap har òg sagt at dei vil støtta oss.

Men for å møta denne enorme etterspørselen, trengst det ein ekstraordinær innsats, slik at vi kan gå den vegen som Gud mirakuløst har opna framfor oss. På vegne av alle styremedlemmer og leiarane i kyrkjene i Ukraina bed eg om di støtte til å gje Bibelen til vårt folk, i denne avgjerande tida for landet vårt!

Vi treng òg at du støttar oss i bøn: Be om at Gud må leia alle dei involverte, og at han må verka på hjarta til alle dei som får ein bibel gjennom dette prosjektet. Eg er svært takksam for at de i så mange år har stått saman med oss og støtta bibelarbeidet i Ukraina. Og eg er heilt sikker på at vår felles innsats for å spreia Bibelen dei siste tjuesju åra er ein av hovudårsakene til at landet vårt kjempar for rettferd, eigen verdi og demokratiske verdiar i dag.»

Høgtlesing av Bibelen

Fredag 6. april starta «Bibelens år» med høgtlesing av dei fire evangelia og Salmane. Dette var ei «prøvelesing» før ei større gjennomlesing av heile Bibelen, og vart gjennomført som ei førebuing til den ortodokse påskehøgtida. Gjennom heile natta vart bibeltekstene lesne av prestar, pastorar og frivillige lesarar. Lesinga vart også overført via internett. Då sola stod opp, avslutta ein lesinga med dei siste orda i Salme 150:

«Alt som har ande, skal lova Herren. Halleluja!»

I neste nummer av Bibelgaven kjem det meir stoff om Bibelens år i Ukraina.

Tilbake til innholdsoversikten