Gå til innhold

7 For at jeg ikke skal bli hovmodig på grunn av de høye åpenbaringene, har jeg fått en torn i kroppen, en Satans engel som skal slå meg – for at jeg ikke skal bli hovmodig.

Generalsekretær Malgorzata Platajas saman med leiarar i kyrkjene i Polen.

Foto: Generalsekretær Malgorzata Platajas saman med leiarar i kyrkjene i Polen.

Ny bibel med norsk støtte

16. mai 2018. Foto: Danuta Matloch

Hundrevis av menneske samla seg i mars i Warszawa for å feire at den økumeniske Bibelen på polsk er trykt.

Det Norske Bibelselskap har vore med og støtta arbeidet med omsetjinga. Den nye bibelutgåva er eit samarbeid mellom Bibelselskapet i Polen og elleve ulike kyrkjesamfunn, inkludert romersk-katolske, ortodokse, baptistar, pinsevener og adventistar. «Denne nye bibelutgåva er viktig i eit land som blir stadig meir sekularisert», seier generalsekretær Malgorzata Platajas i Bibelselskapet. «Utgåva vil hjelpe folk til å oppdage Bibelen som ei kjelde til positive verdiar og kjærleik», seier ho. Den nye Bibelen er òg eit sterkt symbol på kristen einskap. Leiarar og medlemmar frå alle dei ulike kyrkjesamfunn i Polen samla seg til høgtidsgudstenesta 16. mars, og til den offisiell presentasjonen av den nye Bibelen dagen etter. Andrzej Malicki i metodistkyrkja sette ord på det alle følte da Bibelen vart presentert: «Vi er samla her fordi vi elskar Guds ord.»

Tilbake til innholdsoversikten

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO