Gå til innhold

8 En dag gjorde Sakarja tjeneste som prest for Gud, for turen var kommet til hans vaktskift.

Hans Johan Sagrusten

Foto: Hans Johan Sagrusten

«Gud kan jo språket vårt»

04. oktober 2018. Martin Eikeland Foto: Hans Johan Sagrusten

«Folk spør meg stadig kva tid den nye omsetjinga er ferdig», seier bibelomsetjaren Tesfaye Abebe i Etiopia. No kan norske bibelvener vera med og gjera den nye bibelen verkeleg.

Kyrkjegjengarane i den avsidesliggande landsbyen Odakicho i Etiopia blir jublande glade då pastor Tesfaye Abebe reiser seg og les ei bibeltekst på hadiyya, deira eige språk.

– Gud kan jo språket vårt, jublar dei.

Tesfaye Abebe er ein av omsetjarane i Det etiopiske bibelselskapet som arbeider med å omsetja heile Bibelen til hadiyya. Språket blir tala av to millionar menneske i den sørvestlege delen av landet. Ein million av dei skjønar ikkje det nasjonale fellesspråket amharisk. I landsbyen til Tesfaye talar folk berre hadiyya.

Kry over heimstaden

Det er i distrikthovudstaden Hossana pastor Tesfaye arbeider med omsetjinga. Men frå tid til anna tek han bussen dei seksten kilometrane på ein svært dårleg veg for å gjesta mora og systera, og for å sjå til garden han eig i Odakicho.

– Men bussturen kostar 12 birr (omkring tre kroner), så eg kan ikkje reisa så ofte, fortel han.

Når Bibelselskapets folk frå Noreg bed om å få vera med til heimstaden, er det ikkje nei i hans munn. Han er kry av både staden, familien og arbeidet med bibelomsetjinga.

At han er kry over heimstaden, er lett å skjøna. Her er det velstelt, ryddig og frodig. Heime på tunet er det fire hus; eit der mora bur i lag med dyra ho har ansvar for, eit der systera og mannen bur, eit som fungerer som kjøkken og eit som er lager for høyet. På eit av husa er det måla ein kross, eit synleg teikn på kristentrua.


Velkomst og bibelglede

Velkomsten i Odakicho kunne snautt ha vore varmare. Då vi kjem inn på gardsplassen, kjem mor til Tesfaye ut frå huset sitt. Først helsar ho hjarteleg på sonen, før ho både helsar på og klemmer gjestene.

Fra bokmessa i Irak.
Bincho Bufebo (Foto: Hans Johan Sagrusten)

– Det er ei stor ære at de kjem heim til oss, seier Bincho Bufebo, som sjølv meiner ho er i overkant av sytti år gammal. Ho har vore enkje i fleire tiår og hatt ansvaret for å oppdra barneflokken på seks. Av desse er det berre dottera som no bur i landsbyen.

Sidan det nyleg har vore gravferd for ein slektning, er heile storfamilien samla. Alle tek plass i huset til systera til Tesfaye. Det blir servert kaffi og nykokte poteter – det beste dei kan tenkja seg å gje til gjestene.

Men den viktigaste serveringa får dei ikkje gjennom munnen. For når alle har forsynt seg, reiser Tesfaye seg og finn fram ei førebels utgåve av den bibelomsetjinga han arbeider med. Med myndig røyst les han nokre vers frå salme 28.

– Dette er heilt fantastisk. Tenk at vi kan få Bibelen lesen på vårt eige språk. Tenk at Gud kan tala hadiyya, bryt ei av kvinnene ut som sit nærast utgangen i den halvmørke hytta. Folk ler av den spontane kommentaren, men nikkar og støttar det ho seier.

Går til hjartet

En kvinne i familen til Tefayes.
Foto: Hans Johan Sagrusten

Ei av dei som er samd i utsegna, er mor til Tesfaye.

– Når vi får Guds ord lese på vårt eige språk, går det rett til hjartet på oss. Vi er så takksame for at vi no skal få vår eigen bibel, seier ho med ettertrykk.

– Dette opplever eg kvar gong eg er ute og les frå den nye omsetjinga, seier Tesfaye til oss.

– Dag og natt spør dei kva tid omsetjinga er ferdig. For meg er det ei glede å fortelja at det no ikkje er lenge att til dei kan få ein bibel som talar på hjartespråket deira, seier Tesfaye.

Denne etterlengta bibelen kan norske kristne få vera med og gjera verkeleg med si støtte på Bibeldagen 2019.

Kyrkjeglede

Odakicho er ein landsby som stort sett er busett med kristne. Familien til Tesfaye Abebe høyrer til i den lutherske Mekane Yesus-kyrkja. Sjølve kyrkjebygget ligg ein halvtimes gonge frå heimen.

– Kor mange kjem til ei vanleg gudsteneste?

– Kva meiner du med det spørsmålet?

– Ja, kor mange er det i kyrkja ei vanleg sundag?

– Det var eit underleg spørsmål. Alle som er medlemmar kjem sjølvsagt, så sant dei ikkje er hindra. Gudstenesta er ein viktig del av livet vårt, seier Bincho Bufebo.

Til no har presten i kyrkja lese frå den amhariske bibelen, og tala på det lokale språket. Men om kort tid skal bibelteksta frå både Det gamle og Det nye testamentet òg lesast på hadiyya.

– Det blir ei velsigning. Du må skunda deg attende til omsetjinga, seier mora Bincho Bufebo til sonen Tesfaye Abebe.
  



Om prosjektet:

Det nye testamentet på hadiyya-språket var ferdig i 1993, og etter den tid har dei hadiyya-talande kristne etterspurt ein heil bibel på språket sitt. I 2001 byrja arbeidet med å omsetja Det gamle testamentet og revidere omsetjinga av Det nye testamentet. Det Norske Bibelselskap har støtta arbeidet heilt sidan starten. Den årlege støtta var i 2017 og 2018 på ca. 170 000 kroner. Men i 2019, då omsetjinga skal fullførast, ønskjer vi å støtte prosjektet med mykje større summar, til trykking av den ferdige bibelen.






Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO