Gå til innhold

13 Samme dag var to disipler på vei til en landsby som heter Emmaus, seksti stadier fra Jerusalem,

Debebe Balacheu har vore pastor i ein mannsalder. – Folk lyttar intenst når dei høyrer preika og liturgien på sitt eige språk, seier han.

Foto: Debebe Balacheu har vore pastor i ein mannsalder. – Folk lyttar intenst når dei høyrer preika og liturgien på sitt eige språk, seier han.

– Folk lyttar intenst

12. februar 2019. Tekst: Martin Eikeland | Foto: Hans J. Sagrusten

Pastor Debebe Balacheu kjenner folket på landsbygda godt, etter førti års teneste. – Når eg talar på hadiyya-språket, lyttar folk på ein heilt annan måte enn før, seier han.

Debebe Balacheu er ansvarleg for evangelisering i Lemo-distriktet i Etiopia. Den erfarne pastoren har fleire tiår med teneste bak seg og kjenner folket ute på landsbygda.

Han var ein av dei første som tok i bruk hadiyya-språket i kyrkjene. Men den gongen fanst det ingen bøker.

– Det fanst verken grammatikk eller ordbok. Så eg måtte sjølv omsetja bibeltekstene som eg brukte i gudstenester,bryllaup og gravferder.

– Korleis reagerte folk då du tok til å bruke hadiyya i kyrkja?

– Eg merka at folk lytta intenst til det eg sa. Dei vart heilt stille, og eg klarte å kommunisere på ein mykje djupare måte enn før. Så lenge eg brukte amharisk, var det mange som ikkje skjøna kva eg sa. Folk sette utruleg stor pris å høyre hadiyya i kyrkja!

Det einaste språket dei kan

Vi møter den smilande pastoren på ein fortauskafé i byen Hossana. Han tek av seg den velbrukte skyggelua før vi skal ta bilete.

– Kor viktig er denne bibelomsetjinga?

– I kyrkjene ute på landsbygda møter eg alle dei som ikkje skjønar eit einaste ord amharisk. Dei skjønar berre hadiyya - dette er det einaste språket dei kan. Det er desse menneska den nye bibelteksta er til for, seier han med trykk på «desse».

– Når eg preikar på morsmålet mitt, er det lett å finne språklege bilete som folk forstår. Dersom eg hadde brukt eit bilete frå Noreg, som eit skip ute på havet, ville nesten ingen forstå det. Men når eg fortel om ein okse som pløyer, skjønar folk det med ein gong.

Syttifem prosent

– Kor mange er det som ikkje skjønar noko anna språk enn hadiyya?

– Meir enn syttifem prosent av dei som talar hadiyya, skjønar berre dette språket. Her i byen kan dei fleste amharisk, men ute på landsbygda møter du den store majoriteten: Der bur alle dei som ikkje skjønar noko anna språk enn hadiyya. Nokre av dei kan kanskje nokre få ord på amharisk, men dei kan verken lesa eller tala det.

– I kyrkja mi les vi alt på hadiyya no. Eg preikar på hadiyya, og liturgien er på hadiyya, med Fadervår og allting. Også konfirmantundervisinga er på hadiyya. Det er heilt fantastisk - folk klarer å vera med og seia fram liturgien, heilt utan problem!

– Kva vil du seia til dei kristne i Noreg som er med og støttar dette arbeidet?

Han smiler varmt til oss.

– Ingen av dykk er hadiyya-folk, ingen av dykk talar hadiyya – og likevel støttar de dette arbeidet! Dette er ei stor glede for oss! De spelar ei viktig rolle, og vi set stor pris på støtta frå dykk.

Først ute

– Vi var tidlegare ute enn styremaktene med å bruke hadiyya. Regjeringa bestemte at det skulle undervisast i hadiyya på skulane, men då hadde vi alt brukt språket i kyrkja i lang tid.

– No er det vårt ansvar å fullføre resten av arbeidet med omsetjingane. De har støtta arbeidet vårt i mange år. Og fordi de arbeider så hardt for dette, arbeider også vi hardt! Men no treng vi mange andre bøker på hadiyya, både oppbyggjelege bøker og skulebøker, bøker til sundagsskulen og konfirmantundervisinga. Den nye bibelen er berre starten, slår pastoren fast.

– Men eg kan seia det heilt sikkert: Det kjem ikkje til å by på problem å få folk til å bruke desse biblane når dei er ferdige!

Den første boka på hadiyya

Abram Lelago
Abram Lelago

Abram Lelago er koordinator for bibelomsetjingane til hadiyya og kambatta. På begge språka kom Det nye testamentet ut i 1993, og ein har arbeidd med Det gamle testamentet sidan 2001. Han minner om kor viktige dei nye bibelomsetjingane er.

– Vi må hugse at hadiyya har vore eit skriftspråk berre dei siste førti åra. Det nye testamentet i 1993 var den første trykte boka i historia på hadiyya! Det same gjeld for kambatta-språket.

– Så i tillegg til at dei nye biblane er viktige for kyrkjene, er dei òg viktige for desse mindre språkgruppene. Dei nye bibelomsetjingane er med og sikrar at desse språka kjem til å overleva.


Bibeldagen 2019

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO