Gå til innhold

12 Slik kroppen er én selv om den har mange lemmer, og alle lemmene utgjør én kropp enda de er mange, slik er det også med Kristus.

Kyrkja i Yangi Yo’l er bygd i tråd med nasjonale byggjeskikkar og arkitektur, og som i moskeane vaskar kyrkjelyden hendene før dei går inn til gudsteneste.

Foto: Kyrkja i Yangi Yo’l er bygd i tråd med nasjonale byggjeskikkar og arkitektur, og som i moskeane vaskar kyrkjelyden hendene før dei går inn til gudsteneste.

Ei heilt ny kyrkje

31. mars 2020. Bjørn Håkon Hovde

Landa i Sentral-Asia har djupe islamske røter, og den usbekiske byggjestilen pregar mange av dei storslåtte moskeane i landet. Likevel vekst det fram kristne kyrkjer, og nokre av dei blir bygde i tråd med den tradisjonelle religiøse arkitekturen.

– Ein halvtime utanfor hovudstaden i Usbekistan, kjem vi fram til Yangi Yo’l som er ein mellomting mellom forstad og eigen by utanfor Tasjkent, fortel Ann–Catherine Kvistad, som leiar innsamlingsarbeidet i Bibelselskapet.

Det finst ei russisk-ortodoks kyrkje i denne byen, men denne gongen tek medarbeidarane våre turen til ein annan stad – til eit nytt kyrkjesenter som er bygd på ei tomt der folk pleidde tømme søppel og setje frå seg anna skrot. Nedanfor renn elva Chirchiq gjennom byen.

Pinsekyrkje

– Då vi kjem fram tek det ikkje lang tid før vi skjøner at dette er ei pinsekyrke. I kyrkjerommet er det ei stor scene, med plass både til pastor og kor. Og medlemane blir døypte i elva utanfor. Det er ei kyrkje i vekst, og trass i skepsis mot kristne, er denne kyrkjelyden ikkje redd for å dele Guds ord i det muslimske nabolaget.

– Det heile byrja med ein dugnad, der dei kristne rydda det som såg ut som ein søppelplass. Då området var ferdig rydda sette dei opp ein bauta med innskrift frå Bibelen, fortel Kvistad.

Folket i bydelen sette pris på oppryddings-arbeidet som var gjort, og kyrkjelyden fekk gode skussmål. Dermed fekk dei også tilsagn frå dei lokale styresmaktene om at dei kunne kjøpe tomta, og etablere eit kyrkjesenter.

Takka vere gåver frå internasjonale vener er det nye senteret no snart klårt.

– Å vaske hendene før ein går inn til bøn er ein islamsk skikk som vel kan takast med over i ei pinsekykje, og samstundes senker terskelen for nye kristne.
Tradisjonell arkitektur

– Det som gjer denne kyrkja unik er arkitekturen. Dei har vore medvitne på å nytte trekk frå usbekisk byggjekunst. Her er det ikkje ikonar og bilete, men kalligrafi med tekst frå Bibelen, fortel Kvistad.

Ved inngangen er det sett inn ei tradisjonelt utforma fontene der kyrkjefolket kan vaske hendene.

– Å vaske hendene før ein går inn til bøn er ein islamsk skikk som vel kan takast med over i ei pinsekykje, og samstundes senker terskelen for nye kristne i møte med kyrkjelyden, seier ho.

Dette er ei veksande kyrkje. I utkanten av tomta stod det tidlegare eit lite kyrkjebygg som kunne romme 170 personar. I den nye kyrkja er dette meir enn dobla. Kyrkjerommet vil få plass til om lag 380 menneske. Senteret inneheld også kontor for pastorane, gjestehus og sanitæranlegg.

– Nokre av dei frivillige byggarbeidarane treng ein stad å bu, og det har dei her, fortel Kvistad.

Modig pastor

Gardsplassen utanfor skal bli planta med tre, og det skal setjast opp solsegl mot den harde sommarsola og benkar. Sjølve kyrkjebygget er bygd på tradisjonelt usbekisk vis med galleri. Over alteret vil det kome bibel-vers i tekst på nydelege veggfliser. Alt i tradisjonell farge og form.

– Trur du nokre muslimar blir fornærma over at bygget er så likt en moské? spør vi pastoren.

– Heilt sikkert, men vi er klåre til å ta den kampen. For muslimane har ikkje monopol på usbekisk utsmykking, seier han med ein stor smil.

Han har allereie planlagt at det utanfor murane skal setjast opp ei innskrift med dei ti boda – både på usbekisk og russisk.

Med di gåve til biblar til Usbekistan gir du dei nasjonale kristne verktyet dei treng for å nå ut til nye menneske.

– Men hugs å vere med oss i bøn, understrekar den glade pastoren.

Trass i trugsmål er kyrkjelyden i Yangi Yo’l ikkje redd for å syne at dei held Bibelen for Guds ord.
Trass i trugsmål er kyrkjelyden i Yangi Yo’l ikkje redd for å syne at dei held Bibelen for Guds ord.

Usbekistan

Medan Kasakhstan er det største landet i areal, er Usbekistan størst når det gjeld folkesetnad. Nesten 30 millionar menneske er konsentrert sør og aust i landet, og det er nesten halvparten av alle menneske som bur i dette området av verda. Store delar av folket er sjølvbergingsbønder.

Innfødde muslimar som konverterer til kristendommen, opplever press, og til og med fysisk vald, frå familie, vener og lokalsamfunn. Alle prøver å tvinge dei til å gå attende til si tidlegare tru. Nokre konvertittar blir i lange periodar innelåst av familien, slått og kan til slutt bli utvist frå lokalsamfunnet. Lokale mullaer åtvarar også mot dei i forkynninga i moskeane.

Hjelp kristne brødre og søstre i Sentral-Asia med din bibelgave.


Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO