Gå til innhold

8 Da sa Boas til Rut: «Hør, min datter! Gå ikke for å sanke aks på noen annen åker. Gå ikke herfra, men hold deg til tjenestejentene mine.

Foredrag om Fadervår

Innleiinga til Fadervår speglar korleis heile gudsbiletet vårt er. Så kva for eit gudsbilete er det vi legg i bøna? Er det forskjell på å seia «Fader vår» og «Vår Far»? Skal bøna vera høgtidleg eller folkeleg, spør bibelomsetjar Hans Johan Sagrusten i dette foredraget.
21. april 2008

Da eg var liten, brukte mor mi og far min å be Fadervår med oss på sengekanten. Eg voks opp i Vågå, og Fadervår var på nynorsk. Da brukte vi støtt forma «Far vår, du som er i himmelen». Eg kan ikkje hugse at eg tenkte så mykje over denne vesle tilpassinga som foreldra mine gjorde, anna enn at «Far vår» var det same som «Fader vår».

Nå står eg sjølv midt oppe i arbeidet med denne formuleringa. Men det er ikkje berre ei formulering. Innleiinga til Fadervår speglar korleis heile gudsbiletet vårt er. Så kva for eit gudsbilete er det vi legg i bøna? Er det forskjell på å seia «Fader vår» og «Vår Far»? Skal bøna vera høgtidleg eller folkeleg?
I dette foredraget skal vi sjå på korleis Fadervår har vorte omsett i Danmark og Noreg etter reformasjonen. Vi skal sjå at dei ulike omsetjingane plasserer seg innanfor to klårt skilde tradisjonar.

Å omsetja Bibelen
Det Norske Bibelselskap arbeider for tida på ein revisjon av bibelomsetjinga frå 1978, med nokre rettingar frå 1985 (heretter kalla NO78/85). Ein revisjon er som kjent å sjå ein gong til på alt i hop. Det er å snu steinar og sjå korleis dei ser ut på undersida – sjølv om ein legg dei fleste attende slik dei låg. Internasjonalt reknar ein at 30 år er levetida til ei bibelomsetjing. I god tid før det må ein avgjera om ein vil starte heilt på nytt med ei ny omsetjing, eller revidere for å gje den gamle 30 nye år. Bibelselskapet har valt det siste. Med denne revisjonen går vi omsetjarane inn i ein lang tradisjon: Dei siste hundre åra har Bibelselskapet omsett på nytt eller revidert når det har gått mellom 17 og 29 år.

Når det gjeld Fadervår har det faktisk aldri kome ut to bibelomsetjingar på rad med same ordlyden i dette landet. Det i seg sjølv kan få oss til å tenkje. På den eine sida fortel det om eit språk som stadig utviklar seg. På den andre sida vitnar det om ein lengt etter å uttrykkje det fullkomne som ligg i grunnteksta bak den norske omsetjinga - ein lengt som aldri heilt blir stilt.

To tradisjonar
Eit foredrag om bibelomsetjing kjem ikkje forbi Martin Luther, som omsette heile Bibelen til tysk. Fleire hadde omsett Bibelen frå den latinske omsetjinga Vulgata før, men omsetjinga til Luther vart banebrytande, både fordi ho var omsett frå den greske grunnteksta, og fordi ho var så folkeleg. Nå kunne vanlege menn og kvinner lesa Guds Ord på eit tysk som dei forstod. Det skulle gå mange år før Noreg fekk si eiga bibelomsetjing, men i det Luther skreiv, låg «programmet» for ein norsk bibel klart: «Man må ikke spørre de latinske ordene hvordan man skal snakke tysk. Men moren i huset, barna på gaten, den jevne mann på torget må spørres til råds, og man skal lytte godt etter hvordan de ordlegger seg. Av det kan man lære hvordan man skal oversette.»

Alle nabolanda våre fekk sin eigen bibel like etter reformasjonen. Men på norsk kom det ingen bibel. Reformasjonen gjorde på eit vis nedvurderinga av norsk språk fullkomen: Sjølv Bibelen, Guds eige ord til folket, var på dansk. Sverige fekk sin Vasabibel i 1541, Finland fekk NT i 1548, GT i 50-åra, og på Island kom Thorlakssons Bibel i 1584. I Danmark hadde Christian Pedersen og Hans Tausen i 1543 fullført kvar si omsetjing. Desse to, saman med Luthers tyske omsetjing, var grunnlaget for Christian IIIs berømte Reformasjonsbibel som kom ut i 1550. Her var Fadervår omsett slik:

Vor Fader i Himmelen.
Helligt vorde dit Naffn.
Tilkome dit Rige.
Vorde din Villie
paa Jorden som i Himmelen.
Giff os i dag vort daglige Brød.
Oc forlad os vor Skyld
som wi forlade vore Skyldener.
Oc leed os icke i Fristelse.
Men frelss os fra ont.
Thi Rigit er dit oc Krafft oc Herlighed i Ewighed. Amen.

Etter kongens uttrykte vilje vart Luthers tyske tekst både førebilete og grunntekst for omsetjinga, saman med Pedersens og Tausens tekst. Dette vart kyrkjebibelen. Det var ei omsetjing med ei folkeleg tekst, nett slik som omsetjinga til Luther. I Fadervår er teksta noko fri i forhold til grunnteksta: Tiltalen i bøna er for eksempel berre «Vor Fader i himmelen», utan orda «du som er».

Vidare ser vi tre drag som er karakteristiske for denne omsetjinga. Desse tre draga skal vi sjå nærare på i fleire omsetjingar i denne artikkelen. For det fyrste står leddet «Paa jorden» føre leddet «i himmelen». Altså er rekkjefølgja på orda omsnudd i høve til den greske teksta. For det andre er det greske verbet hrýsai omsett med det meir folkelege «frelss os», ikkje med «frie os». Vi finn for det tredje ordrekkjefølgja «rigit er dit» i staden for rekkjefølgja i den greske teksta, som er «ditt er riket».

Christian IIIs reformasjonsbibel kom i fleire seinare revisjonar, som Fredrik IIIs Huus- og Reysebibel frå 1670. I Fadervår finn vi der for det meste mindre endringar frå Christian IIIs bibel. Men vi ser for fyrste gong den tiltalen som skulle stå seg i om lag to hundre år: «Vor Fader, du som er i himmelen!»
I 1607 kom det ut ei omsetjing som var svært ulik Christian IIIs bibel. Professor Hans Poulsen Resen skulle revidere Christian IIIs bibel, men endte opp med å lage ei heilt ny omsetjing ut frå grunnspråka gresk og hebraisk. Utgåva vart lett revidert av biskop Hans Svane (òg kalla Svaning) i 1647, og vart difor kalla Resen-Svanings utgåve. Vi ser at omsetjinga av Fadervår skil seg sterkt frå reformasjonsbibelen:

Vor Fader, du som est i Himlene;
helliget vorde dit Navn;
komme dit Rige;
ske din Villie,
som i Himmelen, (saa) og paa Jorden.
Giv os i dag vort daglige Brød;
og forlad os vore Skylder
saa som vi og forlade vore Skyldnere;
og led os ikke i Fristelse
men frie os fra det onde
thi dit er Riget og Kraften og Herligheden i Evighed. Amen.

Denne utgåva er eit gjennombrot for prinsippet at Bibelen skal omsetjast direkte frå grunnspråka. Dette er det sjølvsagte prinsippet bak alle moderne bibelomsetjingar, og slik sett står Resen-Svanings omsetjing som ein merkestein mellom bibelomsetjingane i Danmark-Noreg. Men resultatet vart ei tekst som var svært bunden til greske og hebraiske uttrykksmåtar. Ho var både uforståeleg og kronglete. Lingvisten Christian Molbech skreiv i 1840 om Resen: «… hvorledes han ved sin slaviske oversettelse af det Hebraiske og Græske har fordærvet den danske Bibel-Text for folket». Ein annan skreiv om Resen «at der af alle Danmarks navnkundige Mænd aldri har været nogen, der har skrevet saa barbarisk slet Dansk som ham»
I Fadervår ser vi fleire viktige forskjellar frå Christian IIIs bibel: Vi finn fleirtal i tiltalen «du som est i himlene» og i bøna «forlad os vore Skylder». Dette er heilt i tråd med grunnteksta som har fleirtal desse stadene.

Dersom vi samanliknar med Christian IIIs reformasjonsbibel, finn vi viktige forskjellar på dei tre punkta vi nemnde tidlegare. Desse tre punkta skal vi sjå blir kjennemerke på dei to tradisjonane i bibelomsetjinga i Noreg. Vi kan samanfatte dei slik:

Dei omsetjingane som står i tradisjonen etter Christian IIIs reformasjons-bibel, følgjer den folkelege seiemåten i staden for ordrekkjefølgja i den greske grunnteksta på desse punkta:
1. I tredje bøna står «på jorda» føre «i himmelen»,
2. i sjette bøna er verbet hrýsai omsett med «frels oss», ikkje med «fri oss»,
3. og i lovprisinga til slutt skriv ein «riket er ditt» i staden for «ditt er riket».
I omsetjingane som står i tradisjonen etter Resen-Svaning, er det omvendt.

Christian IIIs bibel var kyrkjebibelen i Danmark-Noreg. I 1550 vart alle kyrkjer i kongeriket pålagde å kjøpe denne bibelen. Men det var Resen-Svanings omsetjing som vart folkebibelen i Danmark-Noreg. I ortodoksien og pietismen var det denne bokstavtru utgåva som vann fram, sjølv om Christian IIIs bibel stadig levde side om side med henne.

I 1815 gjennomførte biskop Johan Nordahl Brun ei bibelteljing på Vestlandet, i samband med folketeljinga det året. Målet var å fastslå kor stort behovet var for eit norsk bibelselskap. I 22 prestegjeld fanst det da i alt 2214 biblar. Dette svarar til 41 biblar per 1000 innbyggjarar. Frå denne bibelteljinga veit vi òg at 20 prosent av biblane på Vestlandet var Christian IIIs utgåve. Dei resterande 80 prosent var Resen-Svanings utgåve. Vi ser altså to bibeltradisjonar i Noreg: Ein meir folkeleg og fri tradisjon som er i slekt med den tyske omsetjinga til Luther – og ein meir ortodoks tradisjon som byggjer på grunnspråka gresk og hebraisk, men som òg er vanskelegare å lesa, reint språkleg.

Bibelselskapet
Da Bibelselskapet vart stifta i 1816, valde ein å leggje Resen-Svanings utgåve til grunn for ei norsk utgåve. Denne omsetjinga låg nærare grunnteksta, noko som var svært viktig for store grupper av lesarar.
Resen-Svanings tekst vart revidert i 1819 og 1830. Begge desse gjennomgangane var varsame. I Fadervår ser vi berre éi større endring: Fleirtalsforma «vore skylder» i femte bøna vart til eintal: «vor Skyld».
I 1873 la Bibelselskapet fram den siste revisjonen av Resen-Svanings utgåve. I Fadervår vart det gjort ei viktig endring: «Vor Fader» vart erstatta med «Fader vor». I det norske bibelspråket finn vi altså formuleringa «Fader vor» fyrste gongen i 1873, men med fleirtal «i himlene»..

Parallelt med Bibelselskapet gav Det Britiske og Utanlandske Bibelselskapet (British and Foreign Bible Society, BFBS) ut biblar i Noreg. Nå hadde Bibelselskapet lenge hatt lyst til å spreie biblar utan konkurranse frå BFBS. Britane hadde heile tida gjeve ut den same bibelteksta som Bibelselskapet, men utan apokryfane til GT. Da britane nå bad om å få oversendt 1873-teksta, såg Bibelselskapet dette som eit ypparleg høve til å presse ut BFBS, og dei nekta å gje frå seg teksta. Britane måtte difor halde fram med å trykkje teksta frå 1830. BFBS trekte seg ikkje ut før i 1894. Difor vart det frå 1873 til 1894 selt to ulike biblar i Noreg: BFBS selde 1830-utgåva, og Bibelselskapet selde den nyare 1873-utgåva – og i desse to var tiltalen i Fadervår forskjellig! Altså hadde vi ein dobbel tradisjon – folk kunne finne to ulike Fadervår i Bibelen.

Fadervår på nynorsk
I 1859 hadde Ivar Aasen gjort den fyrste freistnaden på å omsetja ei bibeltekst til landsmål: likninga om den burtkomne sonen.  I åra frå 1865 til 1885 kom det ut ei mengd større og mindre skrifter der ulike teologar og filologar prøvde å omsetja bibelske skrifter til landsmål. I desse åra vart det laga mange nye ord: Både «kyrkjelyd», «læresvein» og «stemnestova» (seinare nytta ein det meir vanlege ordet «synagoga») vart til i desse åra. 

Men det vart ikkje Bibelselskapet som fekk omsett Bibelen til landsmål. Det Norske Samlaget fekk statsstønad frå Stortinget på 1000 kroner i året til å omsetja Det nye testamentet, og det kom ut i 1889. I Fadervår finn ein her mange av draga frå Resen-Svanings tradisjonelle stil: På nytt er tiltalen «du som er i himlom» sett i fleirtal. Vi finn det tyskprega «verte» i både fyrste og tredje bøna: «Helgat verte ditt Namn! Tilkome ditt Rike! Verte din Vilje» Leddet «som i himmelen» er sett føre «so og paa Jordi», og det står «ditt er Riket», nett slik som ordrekkjefølgja er i grunnteksta. Men på eitt punkt var omsetjarane overraskande moderne: Dei gav det andre leddet i femte bøna ei omskriving som vi skal møte att fyrst langt seinare i historia: For fyrste gong møter vi den verbale omskrivinga «liksom me forlata deim, som ero oss skulduge» i femte bøna. Ei liknande omskriving finn vi seinare i arbeidet med NTR i 2003.

I 1899 vart NT på landsmål revidert av Elias Blix, og denne gongen var det Bibelselskapet som sto som utgjevar. Det var ikkje minst biskop Bang som fekk Bibelselskapet til å overvinne uviljen mot landsmål.
Fadervår framstår i 1899 framleis som svært tradisjonelt. Vi finn dei same vala som i Resen-Svanings utgåve både i slutten av tredje bøna («som i himmelen» er førestilt) og i den avsluttande lovprisinga («ditt er Riket»). Men vi ser for fyrste gong på norsk substantivet plassert føre verbet i dei tre fyrste bønene: «Ditt Namn verte helgat! Ditt rike kome! Din vilje verte som i himmelen, so og paa jordi!» Dette er eit viktig val av Blix, og sjølv om resultatet ikkje er fullkome, rydder dette valet vegen for neste steget i utviklinga av eit nytt Fadervår.

Setesdølen Alexander Seippel vart den nynorske bibelomsetjaren framfor nokon. Han omsette størstedelen av Bibelen på nytt. Idealet hans var det same som Luther hadde: Det folkelege talemålet var standarden for bibelspråket. Det skulle vera «so folkelegt som råd var; difor satte eg meg fyr at eg inkje ville skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja.» Seippels omsetjing av Fadervår frå 1915 inneber det viktigaste nyskapande arbeidet med bøna på norsk nokon gong. Vala herifrå vil vi nå finne att òg i den reviderte bokmålsteksta frå 2005:

Far vaar i himmelen.
Lat ditt namn helgast!
Lat ditt rike koma!
Lat din vilje raada
paa jordi, som i himmelen!
Gjev oss i dag det daglege braude vaart.
Og ettergjev oss skuldi vaar,
som me òg gjer med skuldmennan vaare!
Og før oss inkje ut i freisting.
Men frels oss fraa det vonde.

Seippel er den fyrste som nyttar «Far» i tiltalen i Fadervår. Han nyttar i tillegg etterstilt pronomen, slik at vi får forma «Far vaar». Vi finn dessutan eintalsforma «i himmelen». Det er fyrste gongen vi finn dette ordet i eintal sidan Christian IIIs bibel frå 1550! I bøna «Lat ditt namn helgast» finn vi for fyrste gong «lat»-formene, som kom inn i Fadervår på bokmål i NO78/85. Her finn vi òg passivforma «helgast». Denne passiven nyttar Bibelselskapet òg i bokmålsbøna i den reviderte teksta frå 2005. Vi ser vidare at Seippel vel dei folkelege variantane: I setninga «paa jordi, som i himmelen» er leddet «paa jordi» førestilt, og dette er fyrste gongen vi ser dette valet sidan Christian IIIs bibel. I forma «skuldi vaar» ser vi for fyrste gong i Fadervår eit etterstilt pronomen. Mange tykkjer det er rart at Seippel ikkje gjennomfører etterstilt pronomen òg i dei tre fyrste bønene. Denne forma vann fram på nynorsk etter kvart, og slår nå inn òg på bokmål.
Peter Hognestad og Gustav Indrebø, professor i nynorsk og bror til seinare biskop Ragnvald Indrebø, fekk oppgåva med å redigere tekstene til den fyrste heile nynorskbibelen i 1921. Dei nytta tekstene til Seippel, mellom anna alle Mosebøkene og evangelia. Resten av NT var henta frå 1899-utgåva. 16 ulike menn omsette dei tekstene i GT Seippel ikkje hadde teke sjølv.

I Fadervår blir pronomenet for fyrste gong etterstilt i dei tre fyrste bønene: «Lat namnet dit helgast; lat riket dit koma; lat viljen din raada på jordi so som i himmelen.». I og med denne utgåva er altså det tradisjonelle nynorsk-Fadervår skapt. Denne forma har stått seg omtrent uendra heilt til i dag. Den kjende tiltalen «Fader vår, du som er i himmelen» er for fyrste gong brukt i denne omsetjinga. Vi finn dessutan dei meir folkelege formene frå Christian IIIs bibel både i tredje bøna («på jordi» står føre «i himmelen») og i lovprisinga («riket er ditt»). Begge desse vala er det motsette av vala som vart gjorde i 1904-utgåva på bokmål.

Fadervår på bokmål
Den 16. april 2004 var det blautkake i Bibelselskapet. Da var det 100 år sidan 1904-omsetjinga vart godkjent av styret i Bibelselskapet. For fyrste gong hadde vi ein heil bibel som var omsett frå grunnen av i Norge. Da Bibelselskapet valde Resen-Svanings tekst i 1819, var tanken samtidig at ein skulle starte arbeidet med ei norsk omsetjing av heile Bibelen. Men da Bibelselskapet gav ut den fyrste heile bibelen i 1854, måtte ein likevel bruke denne teksta som i hovuddrag var den same som i 1647, altså 200 år. Sentralkomiteen var smerteleg klar over i denne teksta var «Det Gamle Testamentes Skatter … for en stor Deel tilhyllede»
Difor vart den nye teksta stort sett møtt med glede: «Nu vil vi takke Gud ... Nu er Guds tale til os sikrere end før og mer forstaaelig og tjenlig end før.» Slik helsa «Bymissionæren» og andre kristelege blad den nye omsetjinga velkomen i 1904.

Borte var danske ord som «forjættelse», «annamme», «hvo» og «hvi» - inn var gode, norske ord komne. For fyrste gong finn vi i 1904 orda «gutt», «gjeter», «barn» (i fleirtal) og «fang» (ikkje «skjød») i ein norsk bibel. Mellom biskopane og andre teologar var somme redde for å bruke slike «vulgære ord». Omsetjinga ville «såre mange bibelleseres følelser», let det. «Gutten er for godsligt, hverdagsligt til å være bibelsprog» skreiv ein. Biskop A. Chr. Bang, formann i omsetjingsarbeidet, gav svar på tiltale. Om ordet «forjættelse» sa han: «I mine øyne er det at mishandle folket, dette at bruge et sligt for de fleste taaget og ugreit ord istedetfor det ligefremme og for alle hjemlige udtryk ’løfte’, som enhver ved at kommer af at ’love’»
Bang samanlikna dei som reagerte på at dei danske orda og formene forsvann, med israelittane som lengta attende til fangenskapet i Egypt: «Slige mennesker for hvem "v" er helligt og "g" vanhelligt, og som kom-mer i Ekstase naar man skriver "lage" for "lave", eller naar man erstatter "opvarte" med "stelle for" eller bruger "gut" istedetfor "dreng", er der intet udkomme med: de maa uddø ligesom hin Generation, der havde levet under Trælletilstanden i Egypten.»

Fadervår var i 1904-utgåva omtrent identisk med 1873-revisjonen – bortsett frå at «frels oss» igjen var teke bort til fordel for «fri oss». Det var nå stor forskjell på bokmåls- og nynorskbibelen. Stutt fortalt vart begge reviderte; bokmålsutgåva i 1930 og nynorskutgåva i 1938. Forskjellane mellom dei vart mindre. Særleg vart Seippels frodige mål temt og dempa mykje. På bokmål gjekk ein nå endeleg attende til ordstillinga i Christian IIIs bi-bel og skreiv «riket er ditt», ikkje «ditt er riket». Alt i 1939 skreiv Eivind Berggrav, formann i Bibelselskapet, til styret og sa at ein ikkje kunne vente med å gje ungdommen eit lettare forståeleg NT. Men fyrst i 1959 og 1961 kom Ungdomsoversettelsen ut på bokmål og nynorsk. Utgåva var heilt klårt ein ny start i arbeidet med bibelomsetjing i Noreg, og ein nytta her ei meir idiomatisk metode. I Fadervår skjedde det mest med bokmålsomsetjinga:

Fader vår, du som er i himmelen!
La ditt navn bli helliget!
La ditt rike komme!
La din vilje skje
på jorden som i himmelen!
Gi oss i dag vårt daglige brød!
Og forlat oss vår skyld,
liksom vi forlater våre skyldnere!
Og led oss ikke inn i fristelse;
men fri oss fra det onde!
[For riket er ditt, og makten og æren i evighet. Amen.]

«La»-formene kom inn frå nynorskutgåva og har vore der sidan. Den noko stive formuleringa i fyrste bøna, «La ditt navn bli helliget», var det fyrste forsøket på å unngå det tyskprega «helliget vorde». Dette forslaget følgde med i arbeidet med NO78/85, og finst i landsstyrereferata langt ut på 1970-talet. I tredje bøna valde ein å bruke den rekkjefølgja som låg nærast talemålet, «på jorden som i himmelen», òg på bokmål. Denne hadde ein hatt på nynorsk heilt sidan omsetjinga til Seippel frå 1915.

I 1968 gav pater Erik Gunnes ut si omsetjing av Det nye testamentet. Denne utgåva har vore mykje brukt i Den katolske kyrkja. Utgåva er ein fest å lesa; ho er språkleg svært elegant, men fri i forhold til det tradisjonelle bibelspråket. I Fadervår ser vi mellom anna ei ny plassering av «du» i tiltalen «Du vår far i himlene!» I tillegg møter vi her for fyrste gong etter Seippel tiltaleordet «Far» i staden for «Fader». Vi møter òg for fyrste gong verbet «tilgi oss» i femte bøna, ikkje «forlat oss»: «Tilgi oss hva vi har forbrutt».
Den fyrste nynorskomsetjinga frå 1889 omsette andre delen av femte bøna «liksom me forlata deim, som ero oss skulduge». Gunnes har i grunnen same løysinga i utgåva si: «som vi også har tilgitt dem som har forbrutt seg mot oss». Liknande alternativ har vore vurderte i arbeidet med NTR. Ein kan for eksempel gå i same retninga som den svenske Bibel 2000, som skriv: «liksom vi har förlåtit dem som står i skuld till oss.»
I omsetjinga til Gunnes finn vi fleire uttrykk som Bibelselskapet ikkje endra da den reviderte teksta til Matteusevangeliet kom ut i 2004.

Einskilde av desse vala har både innsende brev og kommentarar i media sett nytt fokus på. Det gjeld ikkje minst bøna «Led oss ikke inn i fristelse»/«Før oss ikkje ut i freisting». Gunnes gjev denne bøna forma «Og bring oss ikke i fristelsens vold». Bibelselskapet har fått mange innspel om at ein burde endre denne bøna. Ein bibellesar veit at «Gud freistar ingen», og skjønar at bøna handlar om at Gud ikkje må tillata at vi kjem i freisting og fell frå trua. Sakleg sett kunne ein altså vurdere å la bøna formast slik: «Lat oss ikkje koma i freisting»/«La oss ikke komme i fristelse». Ei anna løysing er å gjera som ekteparet Seidelin i Danmark (1974) og Jacob Jervell her i Noreg (2002): ta tak i den doble tydinga av ordet peirasmós og omsetja «prøvelse».

Frå konservativt, lågkyrkjeleg hald kom det ei ny bibelomsetjing med Acta-utgåva frå 1973. Det interessante med denne omsetjinga er at ein faktisk gjekk lenger enn Bibelselskapet våga i prøveutgåva to år etter. I denne utgåva nytta ein «Vår Far» som tiltaleform, nett som Erik Gunnes hadde gjort. Vidare var omsetjinga «la ditt navn bli holdt hellig» i fyrste bøna innhaldsmessig heilt i tråd med den løysinga som Bibelselskapet arbeidde med den gongen: «La ditt navn holdes hellig». Likevel ser vi ein annan og meir grunntekstnær tendens i den rekkjefølgja ledda har i den tredje bøna, der «i himmelen» kjem før «på jorden».

Ny omsetjing 1978
I 1978 gav Bibelselskapet endeleg ut den nye bibelomsetjinga. Frå Eivind Berggrav skreiv til Landsstyret i 1939 hadde det gått nye 39 år. Mange omsetjarar hadde lagt ned år med arbeid i eit språkleg nyskapingsarbeid som det framlei s står stor respekt av. Det språklege spranget frå 1930- og 38-utgåva var stort, men omsetjarane makta å skape eit nytt bibelspråk for si tid.

Ordlyden i Bibelselskapets nye Fadervår var, etter det ein kan lesa ut av landsstyrereferata frå denne perioden, så å seia fastlagd alt vinteren 1969. Frå denne tida og framover diskuterte ein i Landsstyret berre om ein var «for» eller «mot» det som vart den endelege utgåva av bøna. Eit interessant notat frå generalsekretær Birger Mathisen frå mars 1978 kastar ljos over dette. I dette notatet manar generalsekretæren til samling om den ordlyden som fleirtalet har vorte samde om. I notatet tek han mellom anna eit attendeblikk over arbeidet med Herrens bøn. Dette gjer han for å syne medlemane i Landsstyret kor grundig arbeid ein har gjort. Han viser mellom anna til landsstyremøtet i 1971. Der vedtok ein med 12 mot 5 stemmer at tiltalen skulle vera «Fader vår», ikkje «Vår Far». I avstemminga over fyrste bøna fekk alternativet «la ditt navn holdes hellig» 10 stemmer, «la ditt navn bli helliget» fekk 3 stemmer, medan «helliget være ditt navn» fekk 4 stemmer.

I NO78/85 ser vi for fyrste gong at omsetjingsvala frå Christian IIIs reformasjonsbibel har slege gjennom for fullt i begge målformene. Formuleringane «på jorda så som i himmelen», «frels oss frå det vonde» og «riket er ditt» vitnar alle om arven frå reformasjonsbibelen.

Andre omsetjingar
Omsetjinga til Norsk Bibel frå 1988 (NB88) vart gjeven ut som ein reaksjon på denne utgåva. NB88 framstår på mange vis som ei revidert utgåve av 1930-omstjinga og fører vidare det meir tradisjonelle bibelspråket, men kler det i ei rettskriving som passar i dag. Det er difor plass for både NO78/85 og NB88 i norsk kyrkjeliv. I Fadervår følgjer NB88 stort sett utgåvene frå 1930 og 1938. Men vi legg merke til ein ting som er underleg i bokmålsutgåva: I 1930-utgåva valde ein å skrive «riket er ditt», altså den seiemåten som ligg nærast talemålet. Men i NB88 har ein gått attende til den gresknære ordstillinga i lovprisinga «Ditt er riket». Dette er altså eit steg attende mot tradisjonen frå Resen-Svaning.

I 2002 gav Jacob Jervell ut ei ny omsetjing av dei fire evangelia i serien «Verdens hellige skrifter».  Jervell nyttar tiltalen «Vår Far». Dette hende berre nokre månader før Bibelselskapet gav ut Evangeliet etter Lukas våren 2003. Han har likevel halde på den lengre forma i tiltalen «du som er i himmelen».

NTR – Det nye testamentet revidert
Til slutt er vi komne til den reviderte teksta til Bibelselskapet frå 2004. Den reviderte teksta til Fadervår vart publisert da det tredje bindet i serien «NTR, Det nye testamente revidert» kom ut våren 2004.

Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda
slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldmenn.
Og før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
*For riket er ditt,
og makta og æra i all æve. Amen

* Vår Far i himmelen!
La navnet ditt helliges.
La riket ditt komme.
La viljen din skje på jorden
slik som i himmelen.
Gi oss i dag vårt daglige brød,
og tilgi oss vår skyld,
slik vi også tilgir våre skyldnere.
Og led oss ikke inn i fristelse,
men frels oss fra det onde.
*For riket er ditt,
og makten og æren i evighet. Amen*

I denne teksta har mykje vorte analysert gjennom det vi alt har gått gjennom. Men eit par særleg viktige endringar kan kommenterast meir, og da særleg valet mellom «Fader» og «Far»: Den tradisjonelle omsetjinga av det greske ho patær bruker eit ord, «fader», som i moderne norsk berre lever i stivna, religiøs språkbruk. Svært få bruker det i vanleg tale, og i nokre samanhengar kan det brukast nærast som eit banneord. Elles lever det i vulgærforma «fader’n» og i avleiingar som «faderleg». Alt i NO78/85 vart difor ordet «Far», ikkje «Fader», brukt om Gud på dei fleste stadene i NT, og alltid når ordet står saman med eit eigedomspronomen som «min» far, «din» far «dykkar» far osb.

Men dette gjev òg inkonsekvensar: I Bergpreika blir «Far» brukt om Gud i alle tekstene, i alt 16 gonger, berre ikkje i Fadervår (5,16.45.48; 6,1.4.6.8.14-15.18.26.32; 7,11.21). (Den same inkonsekvensen finn vi forresten i NB88). Her må lesaren sikkert tru at det er brukt eit særleg opphøgt ord for «Fader» i bøna «Fader vår», men det er same ordet som elles.

Forma «Faderen» heldt ein i NO78/85 berre fast på der ordet vart brukt i bestemt form, ho patær, særleg i Johannesevangeliet og i Paulusbreva. Til dette kan vi seia at «Gud» òg står i bestemt form mange stader: Ho Theós. Likevel skriv ein ikkje «Guden», men markerer forma med ein stor førebokstav. På same måten kan det vera naturleg å skrive «Far» i staden for «Faderen» i mange tekster. Den store bokstaven markerer det opphøgde og særnamnprega ved ordet. Frå Gal 4,6 og Rom 8,15 veit vi at bøneropet «Abba, far!» var eit kjenneteikn for dei truande. Det må ha vore viktig for dei første kristne at dei fekk lov til å kalla Gud «far», i eit enkelt og nært språk. Dette kan òg vera ein refleks av Jesu eige bønespråk.

Konklusjon
Vi har sett at det er to tradisjonar mellom dansk-norske bibelomsetjingar, og at visse særkjenne går att i omsetjinga av Fadervår i desse to.

I tradisjonen etter Christian IIIs reformasjonsbibel står «på jorda» føre «i himmelen» i tredje bøna, i sjette bøna er verbet hrýsai omsett med «frels oss», ikkje med «fri oss», og i lovprisinga til slutt skriv ein «riket er ditt» i staden for «ditt er riket». I denne tradisjonen står dei nynorske bibelomsetjingane frå Alexander Seippel (1915-utgåva av Matteus) og frametter, NO78/85 og NTR.

I tradisjonen etter Resen-Svanings omsetjing står «i himmelen» føre «på jorda» i tredje bøna, i sjette bøna er verbet hrýsai omsett med «fri oss», ikkje med «frels oss», og i lovprisinga til slutt skriv ein «ditt er riket» i staden for «riket er ditt». I denne tradisjonen står bokmålsomsetjingane frå Bibelselskapet fram til og med 1930-utgåva, dei fyrste nynorske omsetjingane frå 1889 og 1899, samt nyare omsetjingar som NB88. Vi kan òg seia at Christian IIIs Fadervår framstår som merkeleg moderne med den korte tiltalen «Vaar Fader i Himmelen» og med folkelege uttrykk som «riket er ditt» i staden for «ditt er riket». Kanskje kan vi seia at ringen er slutta med tiltalen «Vår Far i himmelen» i NTR?

Det er sjølvsagt altfor enkelt å seia at Bibelselskapet representerer arven frå Luther og Christian IIIs bibel – og Norsk Bibel arven frå Resen-Svaning. Men eit visst bilete har denne analysen gjeve. Det finst to klårt skilde tradisjonar innan norsk bibelomsetjing. Den eine startar med Christian IIIs omsetjing og den andre med Resen-Svanings omsetjing.

Kvifor er det så viktig å diskutere ordlyden i Fadervår? Det er viktig fordi desse orda uttrykkjer heile vårt bilete av kven Gud er. Difor må vi spørja; Er det rett å kalla Gud «Fader» eller «Far» i den bøna Jesus lærte oss? Eg fortalde i innleiinga korleis foreldra mine lærte meg å be «Far vår». Nå er det eg som sit på sengekanten og er far. Borna mine vil ein gong spørja meg kvifor vi gjorde som vi gjorde i arbeidet med tekstene, og da må eg svara. Eg er overtydd om at det blir lettare å svara dei med godt samvit dersom vi lærer dei å be «Vår Far i himmelen».

Kjelder:

  • Åge Holter: «Det Norske Bibelselskap gjennom 150 år», bd 1, Oslo 1966
  • Aarflot, Sæbø m.fl.: «Bibelen i Norge», Oslo 1991
  • Jarle Bondevik: «Og Ordet vart nynorsk», Norsk Bokreidingslag 2003
  • Aasulv Lande, Sylfest Lomheim og Gunnar Stubseid: «Sjønna på Elbursfjell», Høyskolefolaget, Kristiansand 2001.
  • Luk – Det nye testamente revidert, Det Norske Bibelselskap, Oslo 2003
  • Matt – Det nye testamente revidert, Det Norske Bibelselskap, Oslo 2004
  • Bibelsamlinga til Det Norske Bibelselskap
  • Referat frå landsstyret i Det Norske Bibelselskap

Hans Johan Sagrusten, bibelomsetjar

Å omsetja fadervår