Gå til innhold

12 Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.»

Foto:

Reidun Ask sluttar som landssekretær

08. august 2013.

- Har fått lov til å vera med i ein stor samanheng

Reidun Ask (67) går av med pensjon til sommaren, etter 15 år i Bibelselskapet. Ho starta i jobben i august 1998. Ho hadde då vore kateket i Høvik menighet i vel 14 år og treivst godt med det. Men skulle ho nokon gong skifte jobb, måtte det bli no. Det var berre det at einaste stillinga ho kunne tenkje seg, var jobben til Gerd Sollid Lunde i Bibelselskapet, som regionssekretær på Austlandet. Ei tid etter vart stillinga ledig, og Reidun opplevde det som ei stor gåve å få jobben.

Frå 2006 vart ho landssekretær og fekk meir ansvar for kontakten med bibelkomitear og bibelkontaktar i heile landet. Sist haust samla ho tiltak og idear frå desse 15 åra i heftet «Nøkler til bibelbruk». Men etter 15 år i Bibelselskapet, kva er det finaste Reidun har opplevd? – Å få lov til å vera med i den store samanhengen i Bibelselskapet! Eg har fått lov til å stå i denne samanhengen. Eg har både fått sjå kva Gudsordet gjer, at menneske verda over får oppleva fridom og oppreising, og eg har fått vera med og gje noko vidare. Reidun snakkar varmt om den fødselshjelpa Det Norske Bibelselskap har fått gje blant anna til Bibelselskapet i Ukraina, og til fleire sentralasiatiske land. Ho fortel òg om inspirerande reiser til Israel og Egypt.

– Gjennom åra har eg fått halde over 80 «Vandring gjennom Bibelen»-kurs rundt omkring i landet. På den måten har eg òg fått vera gjest i mange heimar. Ei spesiell hending var det då Sørlandsbanen køyrde seg fast i snøen ved Vegårshei, og eg kom 13 timar for seint til kurset på Evje. Men vertskapet stilte opp på stasjonen, og deltakarane kom på kurset likevel!

– Det var kjekt at det siste VGB-kurset mitt var på Moi, staden der eg vaks opp. Og det siste bibeldagsbesøket mitt var på Tynset, der eg var kateket på 70-talet.

– Det har òg vore fint å leia Bibelselskapets bibelforteljarforum. Eg har møtt mange dyktige forteljarar, og eg har fått prøvd meg sjølv. Eit år drog eg saman med fleire i storfamilien til Rørosmartnan, og der deltok vi i folkelivet, utkledde som ulike bibelske personar.

Dei siste åra har songaren Hild Sagafos og Reidun vore på ein god del formiddagstreff i Oslo med tema «Ordet som gir liv». Der har ho formidla frå den nye bibelomsetjinga og fortalt om kva Ordet skaper rundt omkring i verda når blir teke imot.

– Når eg ser attende, har eg vore engasjert på ulikt vis i kristenrussarbeidet med jamne mellomrom gjennom dei siste 50 åra. På 80-talet var eg landssekretær i Laget (NKSS) og dermed ansvarleg for organiseringa av kristenrussarbeidet. I 15 år har eg no representert Bibelselskapet i samarbeidet om kristenrussarbeidet, saman med Laget og andre misjonsorganisasjonar. Og i går kveld fekk eg vera saman med 48 kristenruss på Grimerud, før dei skulle på misjonstur til Kenya, Tanzania, Nepal og India, og eg fekk gje dei eit glimt at det store, verdsvide bibelmisjonsarbeidet.