Gå til innhold

12 Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.»

Jarle Bondevik

Foto: Jarle Bondevik

Jarle Bondevik til minne

13. april 2016. Av: Anders Aschim

Måndag 4. april døydde Jarle Bondevik, professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

Han var fødd i Sogndal 29. juni 1934, tok examen artium ved landsgymnaset på Voss, men var knytt til Bergen gjennom det meste av livet gjennom studium og arbeid. Frå 1963 underviste han ved lærarskulen i byen, og sidan 1972 har han vore tilsett ved universitetet.

Det var via Bibelen eg vart kjend med Jarle Bondevik, først med dei faglege arbeida, sidan med mannen sjølv. Han var den fremste kjennaren av det nynorske bibelspråket gjennom tidene. Dette var emnet både for den monumentale doktoravhandlinga Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang frå 1985 (utgjeven i bokform 1992), for fleire mindre publikasjonar og for det eg reknar som hans viktigaste arbeid: Boka Og Ordet vart nynorsk. Soga åt det nynorske bibelmålet frå 2003. Denne konsise teksten på 150 sider vil bli ståande i mange år framover som sjølve standardverket når det gjeld dokumentasjon av den nynorske bibeltradisjonen. Boka er eit familieprosjekt, rikt illustrert av biletkunstnaren og ektemaken Bjørg Hausle Bondevik, som døydde i 2009.

Jarle Bondevik var òg ein av dei fremste Ivar Aasen-forskarane i landet. I 1991 tok han, saman med Oddvar Nes og Terje Aarset, initiativet til Ivar Aasen-selskapet. I løpet av dei neste femten åra gav dette trekløveret ut Ivar Aasens etterlatne manuskript i ti band, forutan boka Ivar Aasen-studiar (1998). I perioden 1991–99 var Bondevik også engasjert som professor II ved Høgskulen i Volda.

Som nordiskfilolog stod Bondevik i det ein vel må ha lov til å kalle ein klassisk Bergens-tradisjon, tilbake til Torleiv Hannaas og Gustav Indrebø. Dialektstudiar og namnegransking la grunnlaget. Hovudoppgåva var om Stadnamn frå Sogndal (1961). Forankringa i Sogn var tydeleg gjennom heile livet, både i tale og i skrift. Han skreiv gjerne om lokalhistoriske emne, attåt dei filologiske. I Norden gjekk blikket heller vestover, kanskje særleg mot Færøyane, enn aust- og sørover, sjølv om han hadde arbeidd eit par år ved Aarhus Universitet etter fullført studium. Bondevik har òg vore medlem av Norsk språkråd (1988–95).

Også munnleg var Jarle Bondevik ein gåverik formidlar, i undervisning og ikkje minst som talar. Dette er ei rolle eg ikkje sjølv har opplevd, men vel har høyrt gjetord om. Seint i livet gav han òg ut ei samling eigne dikt, Kløvjalass (2012), mange av dei med heimstadpreg.

Bondevik hadde eit tydeleg kyrkjeleg engasjement, som skribent i oppbyggingsbladet Stille Stunder, og ikkje minst i kyrkjelyden der han var busett, Søreide i Bergen. Når han følgjer etter si Bjørg på den siste ferda tysdag 12. april, skjer gravferda frå eit kyrkjerom dei begge har hatt eit sterkt og langvarig forhold til – og der ho har utforma dei særprega altarbileta.

Nekrologen stod først på trykk i Dag og Tid.