Gå til innhold

12 Igjen talte Jesus til folket og sa: «Jeg er verdens lys. Den som følger meg, skal ikke vandre i mørket, men ha livets lys.»

Språkprofessor Sylfest Lomheim meiner at Martin Luther og reformasjonen var ein heilt nødvendig føresetnad for at vanlege folk i Europa lærte seg å lesa og skriva.

Foto: Språkprofessor Sylfest Lomheim meiner at Martin Luther og reformasjonen var ein heilt nødvendig føresetnad for at vanlege folk i Europa lærte seg å lesa og skriva.

– Folk måtte læra å lesa Bibelen

26. juli 2017. Tekst: Martin Eikeland | Foto: Dag K. Smemo

Martin Luther ville at folk flest skulle lesa Bibelen. Gjennom husandakter og katekismepugging gjorde reformasjonen sitt til at folk lærte å lesa og skriva.

– Det er sjølvsagt at når folk vart oppmoda til å lesa Bibelen, så måtte dei læra seg teknikken, seier Sylfest Lomheim.

Den pensjonerte språkprofessoren var ein viktig ressursperson for Bibelselskapet i arbeidet med Bibel 2011. Men Lomheim, som òg har vore direktør i Språkrådet, er i tillegg oppteken av korleis folk har lært å lesa.

Husandakta

Når Sylfest Lomheim skal fortelja om leseopplæringa i Tyskland og andre land der reformasjonen vann fram, dreg han fram kor viktig husandakta var.

– Det låg ei forventing om at det i kvar familie skulle vera ei andaktsstund.

– Det var far i huset som hadde ansvaret for at Guds Ord vart lese i heimen. Skulle han vera ein skikkeleg far, måtte han også lesa frå Bibelen. På den måten vart vanlege folk oppmoda til å læra seg å lesa, seier Lomheim.

Bøndene las

– For Martin Luther var det viktig at Bibelen vart omsett til det språket som folk tala og skjøna. Sjølv omsette han heile Bibelen til tysk, noko som vart viktig for utviklinga av det tyske skriftspråket. Då reformasjonen spreidde seg til andre land, vart han følgd av nye bibelomsetjingar.

– Når folk fekk Bibelen på sitt eige språk, vart det òg meir aktuelt å læra seg å lesa. I katolske land var folk vane med høyra bibeltekstene lesne høgt i kyrkja, for ein stor del på latin. Når bibellesinga og andaktslivet vart flytt inn i heimane, kom tekstene òg nærare folk.

– Du talar om at fedrane måtte læra seg å lesa for å halda husandakt. Vil det seia at det berre var fedrane som lærte seg lesekunsten?

– I utgangspunktet var det fedrane som trong å lesa. Men det seier seg sjølv at resten av familien òg vart interessert i å lesa når dei høyrde på faren, seier Lomheim, som trekkjer fram at bibellesinga var ein del demokratiseringa.

Vanlege folk hadde bruk for å læra seg lesekunsten. Ikkje minst gjaldt dette bøndene. Takka vere reformasjonen kom lesekunsten inn i vanlege bondefamiliar.

Dansk påverknad

Sylfest Lomheim hevdar at nærleiken til bibeltekstene òg gjorde at talespråket i «reformerte» land vart meir påverka av bibeltekstene enn det vart i katolske land.

– I land som Italia og Frankrike hadde dei drive med leseopplæring lenge før dette kom til reformerte land. Men sidan folk her berre kjende Bibelen frå kyrkjeleg høgtlesing, gjerne på latin, fekk dei ikkje den same nærleiken til bibelspråket som folk som las Bibelen heime hos seg sjølve.

Lomheim nyttar eit døme frå Noreg når han påviser korleis bibelspråket kom inn i daglegtalen.

– I dag er uttrykket «å toe sine hender» ein del av daglegtalen i Norge. Men dette har aldri stått i nokon norske bibelomsetjingar!

Derimot vart det brukt i danske omsetjingar. Det vil seia at dette omgrepet kom inn norsk daglegtale før dei første norske bibelomsetjingane kom på 1800-talet, seier Lomheim, som i boka «Adam og Eros» syner korleis ord og formuleringar frå Bibelen og norrøn mytologi har festa seg i daglegtalen.

Den viktigaste læreboka

9788254312209

– Eg vågar påstanden at katekisma er den viktigaste læreboka i norsk skule gjennom alle tider - uavhengig av fag. I 200 år var denne boka pensum for alle norske elevar. Kva denne boka har hatt å seia for leseopplæringa, kan ikkje overvurderast, seier Lars Inge Magerøy, forfattaren av boka «Munken som endret Europa».

– Luther var god til å nytta den moderne boktrykkjarkunsten. På den måten vart skriftene hans spreidde til svært mange. Luther var ein kyrkjeleg strateg som nytta dei kanalane han hadde tilgjengeleg, seier Magerøy.

– Når bøkene til Luther vart trykte i store opplag gjorde det sitt til at kunnskapen vart folkeleggjort. Og når bøkene vart brukte rundt om i heimane, var dei med på å inspirera folk til å lesa sjølve. Martin Luthers vesle katekisme kan kjøpast i Nettbokhandelen på bokmål og nynorsk. Pris: kr 49,-

Tilbake til innholdsoversikten