Gå til innhold

2 I fengselet fikk Johannes høre om alt Kristus gjorde. Han sendte bud med disiplene sine og spurte:

Oskar Stein Bjørlykke 80 år

Foto: Oskar Stein Bjørlykke 80 år

Ein stillfarande og sterk stemme i tekst – Oskar Stein Bjørlykke 80 år

04. desember 2019. Av: Hans-Olav Mørk, Seksjonsleiar for bibelomsetjing i Bibelselskapet

Oskar Stein Bjørlykke er ein stillfarande og sterk stemme i tekst. Som skjønnlitterær forfattar har han vore mellom dei viktigaste på Verbum forlag og i Bibelselskapet.

Barneboka «Vindu i advent», illustrert av Justyna Nyka, var eit friskt pust i flaumen av barnebøker med tema frå advent og jul. Som omsetjar har Bjørlykke gjeve kyrkja levedyktige brukstekstar frå forfattarar som Thomas Merton og Ray Simpson og tekster kring Kristuskransen. Det viktigaste arbeidet for Bibelselskapet har Oskar Stein Bjørlykke gjort i omsetjinga av Bibel 2011. Som ein av tolv stilistar vart det hans ansvar å forme språket mellom anna i Salmane. Som medlem av Bibelselskapets omsetjingsutval var han med og kvalitetssikra heile bibelteksten i sluttredaksjonen. «Nynorsk er språket mitt», seier Bjørlykke i boka «Bibelsk» (Verbum 2011). Men Bjørlykke skriv godt både på nynorsk og bokmål. Dette var viktig i arbeidet med å omsetje Bibel 2011. Der vart bokmål og nynorsk tekst utarbeidd i nær samanheng. Men omsetjarane «skjegla» ikkje til kvarandre, så dei vart plaga med «det skeive som kan oppstå ved all skjegling». «Det er heller det at ein har høyrt på kvarandre», seier Bjørlykke. Og det har «gjeve gode synergiar, eller samkrefter, for å bruka eit godt norsk ord. Når ein slår kreftene saman, kan dei to språkformene frå kvarandre få gode innspel til formulering, ja få kraft frå kvarandre». Både som forfattar og bibelomsetjar har Oskar Stein Bjørlykke gjeve oss vare og kraftfulle tekstar frå djupe kjelder.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO