Dagens bibelord 19.01.2021

Lukas 13,10–17

10 Ein sabbat underviste han i ein av synagogane. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.» 13 Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud. 14 Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» 15 «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka? 16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?» 17 Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.

Kilde: www.bibel.no