Dagens bibelord 01.03.2021

Galatarane 2,11–16

11 Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han. 12 Før det kom nokre frå Jakob, heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då dei kom, trekte han seg bort og heldt seg unna, for han var redd dei omskorne. 13 På same måten hykla dei andre jødekristne, så til og med Barnabas vart dregen med i hykleriet deira. 14 Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?» 15 Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt. 16 Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig.

Kilde: www.bibel.no