Gå til innhold

46 De kom til Jeriko, og da Jesus dro ut av byen sammen med disiplene og en stor folkemengde, satt en blind mann ved veien og tigget. Han het Bartimeus, sønn av Timeus.

Anne Veiteberg

Foto: Anne Veiteberg

Ny forlagssjef i Bibelselskapet og Verbum

01. februar 2012.

Anne Veiteberg er tilsett som forlagssjef i Bibelselskapet frå 1. august 2012. Ho tek over stillinga etter Turid Barth Pettersen.

Veiteberg kjem frå stillinga som generalsekretær i Norske kyrkjeakademi. Ho er utdanna idéhistorikar frå Universitetet i Oslo og har i tillegg mellomfag i statsvitskap og utdanning i global forståing. Anne Veiteberg har tidlegare arbeidd åtte år i utanlandsavdelinga i Kyrkjas Naudhjelp med Latin Amerika og Midtausten som arbeidsfelt.

– Den breie erfaringsbakgrunnen hennar og utdanninga innan kristen-muslimsk dialog vil gjere den nye forlagssjefen til ein ressursperson i vidareutviklinga av forlagsarbeidet i Bibelselskapet og Verbum, seier generalsekretær i Bibelselskapet, Ingeborg Mongstad-Kvammen.

– Bibelselskapet si målsetting om å presentere Ordet på nye og mangfaldige måtar, er ein flott visjon som inspirerer meg, seier Anne Veiteberg som tek til i stillinga 1. august.

– Eg ønskjer eit forlag som bidrar i debatten om viktige spørsmål i vår tid - om tru, kultur og samfunn. Bibeltekstane skal sleppast laus og mange røyster skal høyrast. Eg gler meg til å vere med på å vidareutvikle forlaget sin profil, seier ho.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO