Gå til innhold

1 Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, hilser de hellige *i Efesos•, de troende i Kristus Jesus.

Michael Perreau utanfor Oslo domkirke etter jubileumsgudstenesta 29. mai.

Foto: Michael Perreau utanfor Oslo domkirke etter jubileumsgudstenesta 29. mai.

– At vi framleis må vera trufaste!

09. august 2016. Tekst og foto: Hans J. Sagrusten

Michael Perreau, generalsekretær i Dei sameinte bibelselskapa (UBS), var med under 200-årsjubileet til Det Norske Bibelselskap. Kva er hans framtidsvisjon for jubilanten?

– Det Norske Bibelselskap var blant grunnleggjarane av Dei sameinte bibelselskapa (UBS) og har alltid vore ivrige for bibelmisjon. Mi bøn er at de framleis vil vera like misjonerande! For det er enno mange som ikkje har biblar, mange som ventar på Guds Ord. Så mi bøn er at de må vera trufaste!

– Kva er ditt sterkaste inntrykk frå bibelarbeidet i verda det siste året?

– Det sterkaste er å sjå menneske som har venta heile livet,som kanskje er i 80- eller 90-åra,som får sin første bibel. Eg har sett bestemødrer som har venta på ein bibel i årevis - det står att som det sterkaste inntrykket.

– Kva er dei viktigaste arbeidsområda for bibelselskapa i åra som kjem?

– Vi må ta inn over oss at det er store folkevandringar i verda, og at det blir stadig viktigare med bibelarbeid i byane. Dessutan er det mange grupper som framleis har for liten plass i arbeidet vårt. Det finst 400 teiknspråk i verda, og enno har ikkje eit einaste av dei fått ein heil bibel. Mi von er at vi må vera strategiske og bruke dei gåvene Gud har gjeve oss i digitale hjelpemiddel til å nå desse gruppene. For Guds Ord er for alle!

– Vil du sende ei spesiell helsing til lesarane av Bibelgaven?

– Den store oppgåva vi har framfor oss, krev at alle samarbeider. Dette er ikkje ei oppgåve som eit bibelselskap eller ei kyrkje kan fullføre åleine. Men dess meir vi samarbeider, dess meir syner vi den einskapen vi har i Gud. Og når vi syner denne einskapen, vil Gud velsigne oss. Så eg bed om at vi vil halde fram med å vera trufaste!

– For folk i alle aldrar

Dei siste åra har generalsekretær Michael Perreau vore med under feiringa til fleire jubilerande bibelselskap, blant andre det svenske, det islandske og det danske. Kva er spesielt med jubileet til Bibelselskapet i Noreg?

– Det spesielle med dette jubileet er at det er laga som ein festival! Og fordi det er ein festival, appellerer programmet til folk i alle aldrar og mange forskjellige kristne trussamfunn.

– Eg likte spesielt godt konserten i Konserthuset i går kveld! Konserten var veldig gripande, syntest eg - veldig rørande!

Tilbake til innholdsoversikten