Gå til innhold

5 Dere unge skal underordne dere de eldste. Og alle skal dere være kledd i ydmykhet mot hverandre. For
Gud står de stolte imot,
men de ydmyke gir han nåde.

Tigist Tekele (biletet) frå Etiopia var ei av dei som høyrde på lesinga. (Foto: Tore Hjalmar Sævik, Dagen)

Foto: Tigist Tekele (biletet) frå Etiopia var ei av dei som høyrde på lesinga. (Foto: Tore Hjalmar Sævik, Dagen)

– Alt blir halde oppe ved Guds ord

22. september 2016. Av: Hans J. Sagrusten

Den siste veka i august vart heile Bibelen lesen frå perm til perm i bedehuset Nain på Voss.

Det vart lese frå ni om morgonen til ni om kvelden i ei heil veke. Også folk frå Nigeria, Etiopia, Eritrea og Syria var med og følgde med på lesinga.

Tigist Tekele (biletet) frå Etiopia var ei av dei som høyrde på lesinga. Ho følgde bibelteksten på engelsk på mobiltelefonen sin for å vera sikker på at ho fekk med seg innhaldet.

– Det er så bra at vi gjer dette som forsamling, sa ho til avisa Dagen.
– Alt blir halde oppe ved Guds ord, heile universet. Ordet er lys og liv for oss. Vi ser oss sjølve gjennom Ordet, og Gud leier oss ved Ordet. Det er dagleg brød for oss.
– Guds ord har kraft i seg.

Tilbake til innholdsoversikten

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO