Gå til innhold

72 Han viste miskunn mot våre fedre
og husket på sin hellige pakt,

Bibelen er tema ved Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Foto: Bibelen er tema ved Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Bibel over alle grenser

14. september 2016.

I samband med Bibelselskapet sitt 200-års-jubileum, er Bibelen tema ved Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.

Søndag 25. september, 17.00–19.30
Salen, Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda, Ørsta

Kl. 17.00 Vegen frå og til – Å omsetje

Kva utfordringar står ein overfor når ein skal omsetje ei eldgammal og heilag tekst så nær målspråket som mogleg? Meininga i ei tekst er ikkje berre inn­haldet, men også uttrykket. Aschim har skrive ei bok om dette bibel­­om­setjings­­arbeidet: Bibelen 3.0. Bak Bibel 2011. Jan Ove Ulstein var stilist i same prosessen i Bibel 2011. Foredrag av Anders Aschim og Jan Ove Ulstein, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Kl. 17.30 Godt brukande - Peter Hognestad og Bibelen på norsk

I år er det 150 år sidan teologen, pedagogen, biskopen og bibelomsetjaren Peter Hognestad vart fødd. Han var sentral i arbeidet med den første fullstendige bibelutgåva på nynorsk, den såkalla «Fyrebilsbibelen» frå 1921. Foredrag ved Per Halse, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Kl. 18.00 Pause, open kafé

Kl. 18.30 Bibeldikt

Bibeldikt redigert av Jan Ove Ulstein og Alf Kjetil Walgermo, kom ut i 2013 med dikt av 88 fram­ståande norske forfattarar som skreiv til oppgitt bibeltekst frå heile kyrkje­året. Jan Ove Ulstein presenterer ideen og arbeidet, og vi får smake­bitar av lokale poetar som var med i boka: Marit Kaldhol, Jan Inge Sørbø, Avdeling for samfunnsfag og historie, og Øystein Orten, med musikalske improvisasjonar av Steinar Høydal, Avdeling for mediefag. Bibel­tekstene vert lesne av Siv Tone Myklebust, Avdeling for kulturfag.

I tillegg får vi bibelsonettar av Hans Johan Sagrusten, tonesette av Gaute Øvereng, framførte av koret faSong.

Arrangementet er i samar­­beid med Ivar Aasen-tunet, Volda og Ørsta kyrkje­akademi, Bibel­selskapet og Høgskulen i Volda.

Søndag 25. september, 17.00–19.30
Salen, Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda, Ørsta

Les meir om Forskingsdagane