Gå til innhold

5 Dere unge skal underordne dere de eldste. Og alle skal dere være kledd i ydmykhet mot hverandre. For
Gud står de stolte imot,
men de ydmyke gir han nåde.

Hans Johan Sagrusten

Foto: Hans Johan Sagrusten

Får sin første Bibel som 90-åring

06. november 2018. Hans Johan Sagrusten

Ho har stått opp klokka tre om morgonen for å koma til bibelutdelinga i dag. Tjuefem år etter at ho kom til tru på Jesus, får 90-årige Man Ha Wen endeleg sin første bibel.

Vi merker oss den eldre kvinna i den store flokken som er samla i Sun Zu-kyrkja, nær storbyen Linyi i Kina. Ho ser ut til å vera den eldste i kyrkja, men blikket er fast når ho følgjer med på gjestene frå Noreg. Då pastoren spør kor mange som ikkje har ein bibel, er ho ein av dei mange som rekkjer handa i vêret.Den tynne handa er klårt synleg nede i salen. Eg fokuserer på henne, der eg står og fotograferer dei som skal få ein bibel i dag.


Takk!

Etter bibelutdelinga legg den same kvinna hendene saman og viser tydeleg med heile seg: «Takk for bibelen!» Så er det nettopp henne vi skal få intervjue etter møtet. Tolken kan fortelja at ho heiter Man Ha Wen og er 90 år gammal.

– Eg er så glad for å sjå dykk, seier ho.

– Eg stod opp klokka tre i dag tidleg for å koma hit til kyrkja.

Hans Johan SagrustenEg gjekk bort til huset der dotter mi bur, og så køyrde vi tre og ei halv mil hit til Sun Zu-kyrkja. Dottera sit ved sida av henne. Når eg går gjennom bileta mine om kvelden,oppdagar eg at dottera (i stripete overdel) sit med tårer i auga på mange av bileta. Ho er også kristen, og ho veit kor lenge mora har lengta etter å få ein bibel.

– Var det ikkje slitsamt å reise så langt i din høge alder?

– Nei, det var ikkje slitsamt i det heile, for eg ville så gjerne sjå dykk, smiler ho.

– Og så hadde eg høyrt at det var biblar å få her, seier ho.



Dyrebar

– Kva synest du om den nye bibelen din?

– Denne bibelen er svært dyrebar for meg!

– Har du ein bibel frå før?

– Nei, dette er min første bibel! Du skjønar, før kunne eg ikkje lesa. Men då eg kom til tru, byrja eg å lære meg nokre ord frå Bibelen utanåt. No har eg lært så mykje at eg kan lesa ein del i Bibelen, seier ho.



Drømmen

Det er tjuefem år sidan ho kom til Gud, seier ho.

– Det var Gud som valde meg, seier ho med ettertrykk.

– Eg var sjuk og hadde mykje smerter i den høgre skuldra. Det var ingen legar som kunne hjelpe meg. Ein draum forandra alt.

– Eg låg og sov – då høyrde eg ei stemme som sa: «Du må gå og finne nokre kristne!» Så eg fann nokre kristne som eg visste om. Dei bad for meg og delte den kristne trua si med meg. Eg tok imot Herren, og han gjorde meg fullstendig frisk!



Har lært å lesa

I barndomen fekk ho aldri sjansen til å gå på skulen.

– Då eg var liten, var det alt bestemt kven eg skulle gifte meg med. Det var gjort avtale med ein annan familie.

Heime gjorde ho mest husarbeid, og ho fekk ingen skulegang.

– Men då eg kom til Gud og lærte Jesus å kjenne, følte eg at Gud ville eg skulle lære å lesa. Og no kan eg lesa i Bibelen!


– Kva i Bibelen er det som talar mest til hjartet ditt?

– Det er i Matteusevangeliet … ho byrjar å gråte og legg den tynne handa framfor andletet – der det står at Jesus vart krossfest for syndene mine! Orda om Jesus er tydelegvis svært sterke for henne.



Eitt i Kristus

I dag har både born og barneborn fått del i den same trua.

– Kvifor ville du koma hit til Sun Zu-kyrkja i dag?

– Vel, eigentleg er det to grunnar, ler ho.

– Eg ville gjerne ha ein bibel. Men eg ville også gjerne sjå dykk som har kome så langt bortanfrå. For eg føler at vi er éin familie, vi er brør og systrer i Jesus. I han er vi eitt – også med folk frå utlandet.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO