Gå til innhold

22 Vi vet at helt til denne dag sukker og stønner alt det skapte samstemt, som i fødselsrier.

På stengte stier: «Ei spennande bok er det, med masse lærdom; godt eigna til refleksjon og ettertanke! Ho er forsynt med instruktive og illustrative fargefotos, kart, illustrasjonar og registre»,skriv Paul Odland.

Tre spennande bibel-reiser

Anmeldt av: Paul Odland (Dagen)

Vaaland får av både den eine og den andre høyra at både han sjølv, og alle me andre i Vesten, er naive, som ikkje skjønar korkje arabisk eller muslimsk tankegang!

Journalisten og presten – ei tid også generalsekretær i Rådet for psykisk helse – Tor Øystein Vaaland, har gjennomført tre spennande reiser, med bibelsk bakgrunn! Først den ruta han trur at Maria og Josef reiste då dei forlet Nasaret med Betlehem som mål. Deretter den lange reisa frå Betlehem til Egypt (Kairo), for å sleppa unna udåden til Herodes. Og endeleg den reisa Jesus og familien hans gjorde då Jesus var tolv år; frå Nasaret til Jerusalem, for å høgtida påske.

Annleis då enn no
På grunn av uro og tryggleik, reiste Vaaland på tur nummer to ikkje mellom Gaza og Kairo, slik han hadde tenkt. Det vart fly på denne strekninga. Men elles la han opp rutene slik han kanskje tenkjer at dei var den gongen. Sikker på alt dette, kan korkje han eller andre vera. Og dei politiske og tryggleiksmessige tilhøva, og kommunikasjonane endå meir – var annleis då enn no, sjølv om det var utfordringar den gongen også!

Møte menneske
Under store deler av desse reisene hadde forfattaren med seg familien sin, inkludert småbarn. Hist og her får me eit og anna glimt av dei mange ekstra strabasane dette medførte. Reisene skjedde til fots, med buss, med leigebil, og på andre måtar; alt ettersom. Poenget var ikkje å gjera reisene fortast råd. Tvert om – ein skulle møte menneske, landskap, byar, landsbyar, kyrkjer, moskear, synagogar, klostre; suga til seg inntrykk og stemningar; repetera og læra av både bibelhistoria og allmenn historie. Alt dette får me lesarar rikeleg av!

Han legg ikkje skjul på at det til dels er tøffe politiske landskap reisene gjekk gjennom. Motsetningane er mange, både politisk, i historiesyn, religiøst og trusmessig, og etnisk. Mange gonger kunne han sikkert ha stilt endå meir kritiske spørsmål, men då hadde han vel mista tilliten, og risikert å måtta gå tomhendt derifrå?

Palestinaarabisk overvekt
Kan henda er det i boka ein overvekt av historiar som får oss til å synast synd på palestinaarabarane. Og tilsvarande mange episodar som vert fortalt om israelske soldatar og andre israelarar som går hardt og uklokt fram. Eg har ikkje telt etter, men det inntrykket sit eg att med. Han har i alle fall vitja fleire muslimske arabarar og kristne arabarar, enn alminnelege jødar og Jesustruande, messianske jødar. Men særleg to samtalar av dette siste slaget, er svært spennande å lesa. Eg tenkjer på David Zadok i Gedera, nær Gaza, og Leah og David Ortiz i Ariel (foreldra til gutten som opna ein pakke som inneheldt ei bombe). Men kven han møtte, dreier seg sjølvsagt dels om kven som faktisk bur langs den ruta han reiste, og dels om kven han oppsøkte/ planla å treffa. Han greier aldri å skjula at han er spørjande til det han kallar israelsk okkupasjon; han gjer ikkje forsøk på det heller. Men han får av både den eine og den andre høyra at både han sjølv, og alle me andre i Vesten, er naive, som ikkje skjønar korkje arabisk eller muslimsk tankegang!

Refleksjon og ettertanke
Men ei spennande bok er det, med masse lærdom; godt eigna til refleksjon og ettertanke! Ho er forsynt med instruktive og illustrative fargefotos, kart, illustrasjonar og registre.

Alle dei tre reisene er omtala i Lukas 2. Kanskje eit nøye studium av dette kapitlet er eit passande «siste kapittel»!?

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO