Gå til innhold

1 
Da Jesus så folkemengden, gikk han opp i fjellet. Der satte han seg, og disiplene samlet seg om ham.

symbol8
prodNr=9788242139641
status=
lager=994

Paulus: Breva til Tessalonikarane og Filemon

Det nye testamentet - lydfil

Paulus' brev til tessalonikarane er skrive ca. i år 50, og er dermed det eldste skriftet i Det nye testamentet. Brevet til Filemon er det einaste bevarte brevet som er skrive av Paulus til ein privatperson.

Pris:

29,-

Forum-pris:

29,-

Produktnummer9788242139641
Spilletid29 min

Beskrivelse

Ifølgje Apostelgjerningane kom Paulus frå aust og blei verande i byen Tessalonika ei kort tid. Han forkynte evangeliet i synagoga, og nokre jødar og mange ikkje-jødar tok i mot bodskapen. Andre protesterte og hissa opp folk. Det blei så mykje uro at Paulus og medarbeidaren hans, Silvanus måtte forlate byen i hast, men før dei drog rakk dei å grunnleggje ein kyrkjelyd.

1. Tessalonikarbrev blei til like etterpå, få månader etter at Paulus drog frå byen. Det hadde etter kvart oppstått nokre problem i kyrkjelyden, både mellom dei kristne og i tilhøvet til omverda. Då Paulus fekk høyre om dette, skreiv han brevet for å rettleie dei. 2. Tessalonikarbrev er truleg skrive berre nokre veker etter 1. Tessalonikarbrev og i dette brevet verkar det som om situasjonen har forverra seg.

Brevet til Filemon er nært knytta til Kolosserbrevet. Begge er skrivne i fengsel og fleire av dei same personane er omtala. Medan forfattarskapen til Kolossarbrevet er omstridd, blir brevet til Filemon rekna som eit ekte Paulusbrev.   

Detaljer

ForlagLydbokforlaget og Bibelselskapet
Spilletid29 min
Produktnummer9788242139641
Utgivelseår

Framgangsmåte:

  1. Kjøp den eller dei filene du ønskjer, og følg deretter kjøpsprosessen i Nettbokhandelen.
  2. Lydfiler må betalast med kredittkort.
  3. Etter at betalinga er registrert kan du laste ned lydfilene frå ordrebekreftelsen (det siste steget i kjøpsprosessen).
  4. Fila du lastar ned er i zip-format og må pakkast ut før du legg ho inn på MP3-spelaren din.

Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO