Den litterære kvaliteten er gjennomført og fengslande, og innhaldet er utfordrande og til ettertanke.
Ragnhild Bakke Waale fortel i eit innleiingskapittel i korte trekk om den livskrisa ho opplevde og som førte til denne bok. Ho fekk utan noko førevarsel konstatert kreft av ein type som var svært risikofylt og der behandlinga var langvarig og smertefull. I ei anna bok, "Ikke sykemeldt fra livet", har ho skrive innsiktsfullt, lærerikt og gripande om sjukdomshistoria og livskrisa. Eg har tidlegare meldt boka svært positivt, og det burde vore ei lita tilvisning til denne bok i den vesle som no ligg føre.
Det er litt vanskeleg å plassera denne boka i ein bestemt sjaner, men det er ei form for lyrikk. Forfattaren har sjølv definert innhaldet som "bønner og betrakninger", og det er treffande. Kvart dikt eller kvar bøn er kortfatta, i moderne form og presis i språk og konsis i innhald. Oppbygginga er slik at det er eit kort bibelsitat på venstre sida og forfattaren sin eigen tekst på høgre sida.
Som bok er dette ei lita ska, men ikkje etter sitt innhald. Den litterære kvaliteten er gjennomført og fengslande, og innhaldet er utfordrande og til ettertanke. Her er mykje som kunne vore sitert, men eg avgrensa meg til fylgjande:
Jeg tror når jeg tviler
Jeg tror på sola
selv når jeg ikke ser den.
Jeg tror på sommeren
selv når det snør tett.
Jeg tror på Gud
selv når jeg ikke forstår han.
Jeg tror på lys og liv
selv når det er mørkt,
selv når jeg er svak,
selv når jeg tviler.
Jeg tror.
Anmeldt av Johannes Kleppa
Dagen Magazinet, 21. september 2009