Poetisk jul er eit storverk. Det er berre å takka og bukka, og alle som er interessert i julelyrikk må finna vegen til bokhandelen!
Det er eit imponerande arbeid biskop Ernst Baasland har lagt ned i denne bok om norske juledikt, julesongar og juledikt. Ei slik samla framstilling av norsk julelyrikk har vi ikkje hatt før. Vi har eit par bøker som tek fram bakgrunnen for nokre av dikta og songane, men dette er på ein heilt anna måte ei samla og brei framstilling. Baasland seier at "hovudsynspunktet i boka er at julesangene representerer en viktig side av norsk lyrikk, og må ikke bare oppfattes som bruksdikt eller spesielt kristelige dikt". Han påpeikar også at juledikta er viktig lyrikk "fordi de er en kilde til dypere refleksjon over julens innhold".
Dette er ikkje ei bok berre om kristne forfattarar sin produksjon med tanke på jul – heller tvertimot. Baasland går gjennom alle tidsepokane dei siste 100 åra og viser kva plass julelyrikken har hatt i dei ulike periodane. Om eg har forstått det rett er vår eldste julesalme, "Folkefrelsar, til oss kom", skriven av biskop Ambrosius ca 387 og omsett til norsk av Bernt Støylen i 1905. Det er ei sterk læresalme, og ho har vore sungen over heile jorda i 1600 år.
Pietismen var viktig for julesongane, og her i landet var særleg 1800-talet og tidleg på 1900-talet ei rik tid med tanke på julelyrikken. Det var i den perioden julefeiringa tok seg opp og vi fekk dei fleste juleskikkane, med julegåver og juletre. Det førte også til ei forskyvning i feiringa frå juledag til juleafta. Dette var i det heile nasjonal, samfunnsmessig og kulturell oppgangstid i landet vårt.
Baasland si framstilling av julelyrikken er slik at det samstundes vert kulturhistorie som viser utviklinga i julefeiringa og det samfunnet det skjer i. Den siste generasjonen har jula vorte kommersialisert og med det har førjulstida vorte heilt annleis og langt meir travel enn før, og sjølve julehelga verta som ei roleg avslutning på det heile. Dei siste tiåra er det skrivne få juledikt – som det ikkje har vorte nye 17. maisongar, men det er skrivne mange nye julesalmar.
Det er imponerande kva den tidlegare NT-professoren og Stavanger-biskopen har vore gjennom av diktsamlingar. Litteraturlista viser omlag femti titlar, og dei aller fleste er av typen "Dikt i samling". For dei ulike periodane får vi samleoversikter over lyrikarar som har skrive juledikt og lyrikarar som ikkje har gjort det. Deretter går Baasland gjennom nokre utvalde dikt, og plasserer dei litterært og kulturhistorisk. Han har samstundes treffande karakteristikkar av dei ulike diktarane.
Vi møter mange lyrikarar som vi kanskje ikkje hadde vente hadde skrive juledikt, men det er også ein del lyrikarar som manglar, men som har skrive julelyrikk. Det gjeld markant kristne lyrikarar som Edin Holme, Mattias Orheim, Haldis Reigstad og Trygve Bjerkrheim – sjølv om den siste er omtalt. Den nedvurderinga som ligg i dette av mykje lesne og sungne kristne lyrikarar, likar eg svært lite – sjølv om ho er vanleg. Haldis Reistad er i dag eit særsyn i popularitet målt ut frå selde diktsamlingar og dikt av henne brukt til opplesing og song - kvifor skal ho då ikkje telja med i slike framstillingar som dette?
Trass dette hjartesukket må det seiast at Poetisk jul er eit storverk. Ernst Baasland må ha arbeid med boka i mange år, og det er imponerande at han har fått tid til det i eit arbeidskrevjande embete som biskop i Stavanger, særleg sidan det ligg nokså langt frå fagfeltet som professor i NT! Det er berre å takka og bukka, og alle som er interessert i julelyrikk må finna vegen til bokhandelen!
Anmeldt av Johannes Kleppa
Dagen Magazinet, 8. desember 2009