Gå til innhold

1 Herren sendte en stor fisk for å sluke Jona, og Jona var i buken på fisken i tre dager og tre netter.

«Kom-inn»: Open kyrkje med stille og bibellesing

«Kom-inn» er eit opplegg frå Herøy kyrkje basert på boka RIK bibelbruk


Bakgrunn

Kom-Inn er eit lågterskel-tilbod der vi kan invitera med oss kven som helst, og som er lett å gjennomføra. Samlingane kan på sikt opna for å laga samtalegrupper. Les gjerne boka RIK bibelbruk saman, til inspirasjon før de startar opp.

Ansvar

Tre personar har ansvaret kvar gong. Ein styrer lyden og ordnar med mikrofonar. To andre deler på å lesa. Det er viktig å lesa tydeleg og passe sakte, og å laga ein liten pause ved kvart avsnitt. Ein kan gjerne engasjera folk som elles ikkje har ei teneste i forsamlinga.

PR

Vi har omtale i lokalavisa og annonse ved oppstart. Vi lagar plakatar og løpesetlar og brukar Facebook-profilen til kyrkja. Kom-Inn blir annonsert kvar gudsteneste i oppstartsfasen.

Musikk

Dei som har ansvaret frå gong til gong, vel musikken. Det kostar ikkje noko å bruka musikk frå CD, men det ein brukar må registrerast. Det kostar å bruka musikk frå Spotify. Lytt gjennom musikken på førehand og vurder om han eignar seg. Det er betre med for lågt lydnivå enn for høgt. Musikken skal skapa ro og opna hjarta.

Bøn

Ein kan leggja separate bønnesamlingar i forkant av den stille kvelden, men ein må ikkje vera med på desse for å vera med på Kom-Inn-kvelden. Ha gjerne ein fast mal der de bed for kvelden, for forsamlinga, dei tilsette, for kommunen med skular, barnehage, politikarar osb. Bruk gjerne dei siste minutta til personleg forbøn.

Førebuingar

Ver gjerne med på bønnesamlinga i forkant, og be for samlinga elles. Opna kyrkja i god tid. Pass på at det ikkje er for mørkt, slik at folk ikkje greier å sjå i Bibelen, og ikkje for lyst, slik at det ikkje verkar avslappande og godt. Sett fram eit høgt bord og ein høg krakk som lesarane kan bruka. Lat Bibelen liggja open på bordet, òg etter at lesinga er slutt.

Tenn lys eller set blomar på lesebordet. Tenn altarlysa og lys i vindauga eller andre stader i rommet. Tenn eit par lys i lysgloben slik at han inviterer andre til å tenna fleire. Legg fram brosjyrar, biblar og krukka med bibelvers (Desse kan vi tinga fleire av frå Bibelselskapet).

Hugs å skriva på plakaten kvar i Bibelen det blir frå lese denne kvelden. Sett gjerne fram ei bønekrukke, der folk kan leggja bøneemne, som blir løfta fram på gudstenesta sundagen etter.

Bibellesinga

Les teksta heime på førehand. Les tydeleg og sakte nok. Ta gjerne små pausar ved avsnitt. Det er viktig å lesa Bibelen i samanheng. Ein kan avslutta lesinga med orda: «Helga oss i sanninga, ditt ord er sanning!» eller: «Slik lyder Herrens ord»

Vi byrjar med Lukas. Den første kvelden prøvde vi oss med berre ei lesing, men alle var samde om at det var for lite. Vidare vil vi lesa frå Apostelgjerningane og Jesaja. Leseplanen for hausten var slik:


Gjennomføring

  • 19.00 – 19.10: Roleg musikk
  • 19.10 – 19.25: Første lesinga
  • Stille i fem minutt
  • 19.30 – 19.35: Roleg musikk
  • 19.35 – 19.50: Andre lesinga
  • 19.50 – 19.58: Roleg musikk

Ein kan avslutta kvar samling med velsigninga, lesa høgt eller spela musikk frå ein CD. Vi vonar at Kom-Inn kan halda fram veke etter veke, år etter år. Ved neste evaluering vil vi vurdera å opna opp for at folk kan få forbøn i etterkant av ein slik kveld, eller få høve til å knela i alterringen. Det kan òg visa seg at det er behov for at folk i eit anna rom, i etterkant, kan få samtala om det dei har høyrt lese. Dette vil dekkja noko av behovet for mindre samtalefellesskap i forsamlinga. De er frie til å dela konseptet Kom-Inn med einskildpersonar eller forsamlingar.



Epost: post@bibel.noTelefon: 47 97 64 50
Postadr: Pb.6624 St.Olavs plass 0129 OSLO
Besøksadr: Bernhard Getz' gate 3 0165 OSLO